Leif Helge Kongshaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Helge Kongshaug
Leif Helge Kongshaug (bilde 01).jpg
Fødd 31. juli 1949
Averøy
Yrke politikar, bonde
Leif Helge Kongshaug på Commons

Leif Helge Kongshaug (fødd 31. juli 1949) i Averøy) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 19972001 og igjen frå 2005 til 2009.

Kongshaug er utdanna lærar. Han sat i Averøy kommunestyre frå 1979 til 1997, 1986 til 1997 som ordførar. I 1997 vart han vald inn på Stortingetutjamningsmandat frå Møre og Romsdal. I 2001 mista han stortingsplassen, men vart statssekretær i Landbruksdepartementet i den andre Bondevik-regjeringa.

Under valkampen før stortingsvalet i 2005 vart Kongshaug ramma av ein alvorleg kreftsjukdom. Han vart igjen vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal, men tok ikkje opp plassen sin dei første månadene av stortingsperioden grunna sjukdomen. Gunn Berit Gjerde møtte som vara for han. Kongshaug fekk plass i Næringskomiteen på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

stortinget.no

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.