Gunnar M.K. Graarud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar M.K. Graarud
Gunnar Graarud byste Holmestrand.jpg
Fødd22. august 1857
Hammerfest
Død22. juni 1932
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lege
BarnGunnar Graarud

Gunnar Magnus Kjølstad Graarud (22. august 185722. juni 1932) var ein norsk lege og politikar.

Graarud var fødd i Hammerfest i Finnmark der far hans var lege. Som nyutdanna lege kom Graarud til Holmestrand i Vestfold i 1882 der han opna privat praksis. Der arbeidde han fram til han døydde i 1932. Graarud var også overlege ved Modum bad frå 1896.

Graarud representerte partiet Høgre i Holmestrand bystyre frå 1892 og var ordførar i Holmestrand periodane 1898-1900 og 1907-09. I 1900 vart han vald til stortingsmann, der han sat i to periodar, 1900-1903 og 1903-1906, og var medlem av kyrkjekomiteen. Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

I august 1992 avduka Vestfolds dåverande fylkesmann Mona Røkke ei byste av Graarud, utført av bilethoggaren Arne Durban, utanfor Holmestrand Museum. Lokalhistorikaren og bypatrioten Graarud spela ei viktig rolla då museet vart etablert. Han var elles ein aktiv amatørfotograf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]