Gunvor Schnitler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunvor Schnitler
Fødd8. januar 1930 (94 år)
Leksvik kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedTrondheim lærerhøgskole
Alle verv

Gunvor Margaret Ingvaldsdatter Schnitler (fødd 8. januar 1930 i Leksvik) er ein tidlegare norsk lærar og Høgre-politikar.

Bakgrunn og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Ho er dotter av kranformann Ingvald Moe (1910–1980) og husmor Martha Lucie Moan (1904–2000), og vart i 1951 gift med murmeister Johan Schnitler frå Trondheim.

Gunvor Schnitler har examen artium frå 1949, eksamen frå Trondheim lærarskule frå 1966, 1. avdeling i sosialpedagogikk frå 1971 og 2. avdeling i same fag frå 1986. Schnitler var lærarvikar på Byneset 1949–1950, kontorassistent ved Norsk Staaltaugfabrikk A/S 1950–1951, kontorassistent ved Trondheim trygdekasse 1952–1954, lærarvikar i Trondheim og Leksvik 1959–1963, lærar i Trondheim 1966–1970, øvingslærar ved Trondheim lærarskule 1970–1977, konsulent ved kontoret til skulesjefen 1986–1989, spesialpedagog ved skuleavdelinga ved Haukåsen psykiatriske sjukehus 1989–1994 og spesialpedagog ved Heimdal vidaregåande skule 1994–1997.

Blant tillitsvervet hennar kan nemnast leiar i rådet for Norsk Forbund for fjernundervisning 1982–1990, styremedlem i Noregs Forsvarsforening 1986–1996, medlem av Fokus Banks representantskap 1990–1993, styremedlem ved Trondheim offentlege skule for døve 1991–1992 og styremedlem i Kiwanis International 1999–2002.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Schnitler var styremedlem i Trondheim Unge Høgre 1951–1953, varamedlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1972–1975, gruppeleiar i Trondheim skulestyre 1972–1977, medlem av Trondheim bystyre 1972–1977 (av dette formannskapet 1976–1977), leiar i Sør-Trøndelag Høgres studieutval for undervising 1974–1977 og dessutan viseformann i Trondheim Høgre 1975–1977 og 1985–1986.

Ho var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag 1977–1985, og var medlem av Stortingets forsvarskomité 1977–1982, sekretær i Stortinget 1981–1985, sekretær i Stortinget sin fullmaktskomité 1981–1985, medlem av Stortingets valkomité 1981–1985, medlem av Stortingets kontrollkomité 1981–1985 og medlem av Stortingets sosialkomité 1982–1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]