Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité er ein fagkomitéStortinget. Den handsamar mellom anna saker knytte til kontroll av regjeringa og konstitusjonelle spørsmål.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal gå gjennom og gje innstilling til Stortinget om: Statsrådets protokollar mv., jf. Grunnlova § 75 bokstav f, mellom anna regjeringa si melding om embetsutnemningar, regjeringa si årlege melding om oppfølgjinga av stortingsvedtak som inneheld ei oppmoding til regjeringa, og om handsaminga av private forslag som er vedteke sende over til regjeringa til utgreiing og fråsegn, dokument frå Riksrevisjonen, og andre saker om Riksrevisjonen si verksemd, meldingar frå Sivilombodsmannen om forvaltinga, og andre saker om ombodsmannen si verksemd, meldingar frå Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste, og andre saker om utvalet si verksemd, og rapportar frå stortingsoppnemnde granskingskommisjonar.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen avgjer i det enkelte tilfellet om den skal legge utkast til innstilling fram for nokon fagkomité til fråsegn før innstillinga blir endeleg avgjeven.

Komiteen handsamar vidare grunnlovssaker, vallovgjeving, løyvingar til Stortinget og til Det Kongelige Hoff.

Komiteen kan foreta dei undersøkingar i forvaltinga som den ser som naudsynt for Stortinget sin kontroll med forvaltinga. Slik beslutning kan gjerast av ein tredjedel av komiteen sine medlemmar. Før komiteen sjølv gjer slike undersøkingar, skal vedkomande statsråd varslast, og oppmodast om å skaffe fram dei opplysningane komiteen ønskjer. Komiteen skal kome med innstilling om dei sakene den tek opp til handsaming.

Ein tredjedel av komiteen sine medlemmar kan krevje at det det blir halde komitéhøyring i kontrollsaker etter § 21 .

Komiteen fastset nærmare reglar for sitt sekretariat, mellom anna om sekretariatet sine arbeidsoppgåver, og korleis dei enkelte medlemmane i komiteen kan bruke sekretariatet.

Kontroll- og konstitusjonskomitéen sine medlemmar i stortingsperioden 2009-2013[endre | endre wikiteksten]

Kontroll- og konstitusjonskomitéen har følgjande medlemmer[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]