Gustavo Poyet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustavo Poyet

Gustavo Poyet Brighton v Spurs Amex Opening 30711.jpg

Statsborgarskap Uruguay
Fødd 15. november 1967
Montevideo
Idrett cricket, fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Gustavo Augusto Poyet Domínguez (fødd 15. november 1967) er ein uruguayansk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Montevideo. Han var midtbanespelar og deltok i over 400 klubbkampar, særleg kjend for sine sesongar i Real Zaragoza og Chelsea FC.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Poyet var proff-spelar i franske Grenoble og i River Plate frå Monteviedo, før han hausten 1990 vart overført til spanske Real Zaragoza. Våren 1994 var han med då laget vart nasjonal cupmeister, straffeskyting mot Celta Vigo måtte til for å kåre ein vinnar. Nokså nøyaktig eitt år seinare stakk Zaragoza og Poyet av med pokalen i Cupvinnarcupen 1995, etter finalesiger 2-1 over Arsenal FC frå London. Sommaren 1997 reiste Poyet til London og fekk kontrakt med byrivalen Chelsea FC. Ein krossbandskade gjorde at han våren 1998 ikkje fekk med seg ligacuptriumfen mot Middlesbrough FC, derimot var han på plass då Chelsea i Stockholm vann Cupvinnarcupen 1998 med 1-0 over VfB Stuttgart. To år seinare sikra Poyet seg sin siste pokal då Chelsea vann 1-0 over Aston Villa i finalen i FA-cupen. Siste tre sesongane som proff, 2001-04, var Poyet aktiv i ein annan London-klubb, Tottenham Hotspur.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Poyet spelte 26 landskampar for Uruguay i tida frå 13. juli 1993 til 26. april 2000. Han var ein av dei beste spelarane i det mannskapet som gjekk til topps i Copa América 1995, etter å ha vunne over Brasil i finalen på heimebane i Montevideo. Poyet skåra i alt tre landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Copa América: 1995 for Uruguay
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1995 med Real Zaragoza
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1998 med Chelsea FC
  • Spansk cupvinnar: 1994 med Real Zaragoza
  • Vinnar av FA-cupen: 2000 med Chelsea FC

Etter han la opp som spelar, har Poyet sidan arbeidd som fotballtrenar i fem ulike land (pr 2019).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]