Cupvinnarcupfinalen i fotball 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1998 fann stad på Råsunda stadion i Stockholm 13. mai 1998, framfor 30 216 tilskodarar. London-laget Chelsea FC vann finalen, den 39. i sitt slag, med siffera 1-0 over VfB Stuttgart. Triumfen var den andre til Chelsea FC i cupvinnarcupen, den fyrste kom i 1971.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Kampens einaste mål vart sett inn av Gianfranco Zola, som straks etter han vart bytta inn skåra på ein halvvolley i det 71. minutt. Chelsea-spelaren Dan Petrescu vart utvist det 85. minutt og Stuttgart-spelaren Gerhard Poschner fór same vegen i sluttsekundane.

Stefano Braschi frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Chelsea sitt vinnarlag bestod av: Ed de Goey, Steve Clarke, Frank Lebœuf, Michael Duberry, Danny Granville, Dan Petrescu, Dennis Wise (kaptein), Gustavo Poyet, Roberto di Matteo, Gianluca Vialli og Tore Andre Flo. Flo gjekk av bana etter 70 minuttar, inn kom Gianfranco Zola, medan Poyet ti minuttar seinare overlet plassen sin til Eddie Newton.

Stuttgart mønstra fylgjande mannskap: Frank Wohlfart, Thomas Schneider, Muart Yakin, Thomas Berthold, Marco Haber, Zvonimir Soldo, Gerhard Poschner, Matthias Hagner, Krasimir Balakov, Jonathan Akpoborie og kaptein Fredri Bobic. Utover i 2. omgang gjekk Schneider, Haber og Hagner av bana etter 54, 74 og 78 minuttars spel, inn kom i rekkefylgje Jochen Endreß, Kristijan Đorđević og Sreto Ristić.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]