Al-Hasakah guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°30′ N 40°54′ E
Al Hasakah
الحسكة
guvernement
Land Flag of Syria.svg Syria
Manatiq (Distrikt) 4
Hovudstad Al-Hasakah
Koordinatar 36°30′ N 40°54′ E
Areal 23 334 km²
Folketal 1 512 000
Tidssone EET
ISO 3166-2 kode SY-HA-
Språk arabisk, syrisk-arameisk, kurdarar, armensk
Al-Hasakah in Syria (+Golan hatched).svg
Wikimedia Commons: Al-Hasakah Governorate

Al-Hasakah guvernement (arabisk الحسكة, Muḥāfaẓat al-Ḥasakah, kurdisk پارێزگای حەسیچە/Parêzgeha Hasce, assyrisk ܓܙܪܬܐ, Gozarto) er eit guvernement heilt nordaust i Syria. Det utmerker seg med frodige landområde, mykj vatn, vakker natur og mange hundre arkeologiske stader. Det utgjer ein del av regionen Al-Jazira.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i al-Hasakah guvernement består av forskjllige etniske og kulturelle grupper, og dei største er arabarar, assyrarar, kurdarar, og ein minoritet er armenarar.[1][2] Ei folketeljing i 2004 talte 1 275 118 i regionen, og i 2007 var talet estimert å vere 1 377 000.

Namn Arabisk Folketal Distrikt
Al-Hasakah الحسكة 188 160 Al-Hasakah-distriktet
Al-Qamishli القامشلي 184 231 Qamishli-distriktet
Ras al-Ayn رأس العين 29 347 Ras al-Ayn-distriktet
Amuda عامودا 26 821 Qamishli-distriktet
Al-Malikiyah المالكية 26 311 Al-Malikiyah-distriktet
Al-Qahtaniyah القحطانية 16 946 Qamishli-distriktet
Ash-Shaddadeh الشدادة 15 806 Al-Hasakah-distriktet
Al-Maabadah المعبدة 15 759 Al-Malikiyah-distriktet
Al-Sabaa wa Arbain السبعة وأربعين 14 177 Al-Hasakah-distriktet
al-Manajir المناجير 12 156 Ras al-Ayn-distriktet
Ad-Darbasiyah الدرباسية 8 551 Ras al-Ayn-distriktet
Tal Tamer تل تمر 7 285 Al-Hasakah-distriktet
al-Jawadiyah الجوادية 6 630 Al-Malikiyah-distriktet
Mabrouka مبروكة 6 325 Ras al-Ayn-distriktet
al-Yarobiyah اليعربية 6 066 Al-Malikiyah-distriktet
Tal-Safouk تل صفوك 5 781 Al-Hasakah-distriktet
Tal Hamis تل حميس 5 161 Qamishli-distriktet
al-Tweinah التوينة 5 062 Al-Hasakah-distriktet
al-Fadghami الفدغمي 5 062 Al-Hasakah-distriktet

Distrikt og underdistrikt[endre | endre wikiteksten]

Guvernementet har fire distrikt (Mintaqa). Desse er vidare delt inn i 16 underdistrikt (nawahi):

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Khabur, som flyt 440 km gjennom al-Hasakah, var åstad for ein av dei tidlegaste sivilisasjonane i verda. Dei viktigaste arkeologiske stadane er:

  • Hamoukar: av somme arkeologar rekna for å vere den eldste byen i verda.
  • Tell Halaf: Utgravingar har vist fleire etterfølgjande siviliasajonar frå yngre steinalder med glasert keramikk og vakre skulpturar.
  • Tell Brak: Ligg halvvegs mellom byen al-Hasakah og grensebyen al-Qamishli. Utgravingar av Uyun-tempelet og slottet til kong Naram-Sin.
  • Tell el Fakhariya
  • Tell Hittin: 15 lag av busetader er funne her.
  • Tell Leilan: Utgravingane byrja i 1975 og har funne mange lekamar og bygningar som er daterte til 5000-talet fvt, som basarar, tempel og palass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Syria - Sunniane
  2. Syria (05/07)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]