Håelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Håelva
Foto: Jarle Vines

Håelva er ei elv i Jæren. Ho munnar ut i havet like nord for Hå Gamle Prestegard og renn frå Høg-Jæren og nedover i det flate karakteristiske Jærlandskapet. Håelva renn gjennom eit relativt tett folkesett kulturlandskap med eit godt utbygd vegnett. Funn etter mange buplassar viser at her har vore aktivitet av menneske heilt tilbake til steinalderen. Elva kryssar fylkesvegen vest for Nærbø. Håelva er kjent som ei fiskerik elv med laks og aure. Ho har òg ein god bestand av ål, og i vatna i dei øvre områda lever òg sik og røye. Den sjeldne elvemuslingen (Margaritifera margaritifera) finst også i Håelva.

Vasskvaliteten[endre | endre wikiteksten]

På grunn av kraftig forureining frå jordbruket er vasskvaliteten til elva særs dårleg. Oppblomstring av blågrønalgar skjer regelmessig. Jærstrendene er freda som landskapsvernområde og strekkjer seg mange mil nordover og sørover frå munningen til Håelva. Her er det både sanddyner og rullesteinstrender med spennande plante- og dyreliv.

I tillegg til Jærstrendene landskapsvernområde har nedbørfeltet fleire landskapsvernområde og reservat knytt til vassdraget.

Tilsigsfeltet har eit areal på berre 170 km².

Vassdraget er vern i Verneplan I for vassdrag.