Høgskolen i Harstad
Utsjånad
| Høgskolen i Harstad | |||
| | |||
| | |||
| Motto | «Stup i det!» | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagt | 1994 | ||
| Type | Statleg høgskole | ||
| Stad | Harstad | ||
| Studentar | 1 600 | ||
| Tilsette | 120 | ||
| Nettstad | http://www.hih.no/index.php?lang=eng | ||
| Erstatta av | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
![]() Høgskolen i Harstad 68°48′15″N 16°32′55″E / 68.80411111°N 16.54863889°E | |||
Høgskolen i Harstad (HiH) er ein tidlegare statleg høgskule i Noreg, etablert 1. august 1986 pg reorganisert som ein del av Høgskolereformen i 1994. Frå 1. januar 2016 blei skulen ein del av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.[1]
Høgskolen i Harstad tilbaud fag- og profesjonsstudium innan pedagogikk, sjukepleie, vernepleie, økonomi- og samfunnsfag, handel og service, reiseliv, statsvitskap og økonomi. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader og mastergrad i samarbeid med Universitetet i Nordland. Dessuten hadde høgskulen ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen sine to institutt var:
- Institutt for Økonomi- og samfunnsfag
- Institutt for Helse- og sosialfag
Han hadde omkring 1600 studentar og 120 tilsette.
