Haakon Tveter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Tveter
Haakon Tveter 2.jpg
Fødd 2. januar 1844

Aker

Død 15. juni 1930
Aker
Parti Høgre

Haakon Tveter (2. januar 184415. juni 1930) var ein gardbrukar og politikar for Høgre.

Tveter var fødd på garden Søndre Østensjø. 1857-60 gjekk han Nissens skole i Christiania og 1863-65 Ås landbruksskule. Her tok han «Examen med Udmerkelse». Han la deretter ut på studiereiser til Sverige, Danmark, Tyskland og England. Åra 1867-75 var han forvaltar av kongsgarden på Bygdøy. Han overtok farsgarden då faren døydde 1875, budde der sidan. Tveter fekk med åra hand om store landeigedommar. Han eigde begge Østensjøgardene og garden Nordre Langerud, og hadde forpaktningsretten til Bogerudmyra. Han forpakta også garden Abildsø, og eigde delar av garden Ulsrud.

I fleire år dreiv Tveter privatskule i landbruk på garden sin. Han var frå 1882- til -98 redaktør av Morgenbladet sitt landbrukstidend og redaktør av Tidsskrift for det norske landbruk. Åra 1884-1914 var han sekretær i Selskabet for Norges Vel og var utgjevar av selskapet sine årsmeldingar.

Gjennom mange år hadde Tveter ei lang rekke politiske verv. Han kom med i Aker kommunestyre i 1877, og hadde plass der i heile 30 år. I perioden 1881 til 1889 var han ordførar, 1905-07 var han varaordførar. Han sat i tillegg i ei lang rekke kommunale komitear og utval, og var aktiv i kyrkjelydsarbeidet i Østre Aker.

Perioden 1889-91 sat Tveter på Stortinget for Akershus, der han var medlem for landbrukskomiteen. 16.-28. mars 1898 møtte han som varamann i justiskomiteen i staden for Albert Bøhn.

Tveter fekk Kongens Landbrugsmedalje i 1876, vart Vasariddar i 1886, Olafsriddar i 1904 og Danebrogsriddar i 1906.

Han døydde i Aker i 1930.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]