Albert Bøhn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albert Bøhn
Fødd 19. juli 1836
Død

30. april 1913

Albert Bøhn (19. juli 183630. april 1913) var ein norsk handelsmann, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Nes på Romerike.

Bøhn var son til ein gardbrukar. Han var krambudreng på Kongsvinger frå 1852. I 1860 opna han landhandel i Nes, ein handel han dreiv til 1887. Han tok over garden Grini etter foreldra og dreiv denne frå 1861 til 1910. Åra 1891-1909 var han lensmann i Nes.

Bøhn var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar i 14 år. Elles forlikskommissær og medlem av amtsutvalet. Han var tilsynsmann ved Kongsvingerbanen og medlem av representantskapen i Noregs Bank.

Bøhn representerte Akershus amtStortinget 1877-79 og 1889-1906, samt einmannskrinsen Øvre Romerike 1906-09. Perioden 1877-79 var han medlem av konstitusjonskomiteen. Han var 1889-1903 medlem av justiskomiteen, 1889-93 og 1895-1909 av valkomiteen, samt 1889-91 og 1895-1909 av fullmaktskomiteen. Elles var han 1903-09 president i Lagtinget og medlem av tollkomiteen, sekretær i sistnemnde 1903-06. Han var medlem av sivilprosesskommisjonen.

Han døydde i Nes i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]