Hadath El Jebbeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hadath El Jebbeh
حدث الجبة
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Bsharri distrikt
Høgd 1 420 moh.
Koordinatar 34°15′00″N 35°55′46″E / 34.25000°N 35.92944°E / 34.25000; 35.92944
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Hadath El Jebbeh
34°15′00″N 35°55′46″E / 34.25°N 35.929444444444°E / 34.25; 35.929444444444
Wikimedia Commons: Hadath El Jebbeh

Hadath El Jebbeh (òg kalla Hadeth El Jebbeh, Hadath el-Jubbah, Hadad El-Gebbeh eller Hadet ej Jobbé; arabisk حدث الجبة), er ein by i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg i Qadishadalen. Innbyggjarane er kristne maronittar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Hadath er namn på tre stader i Libanon. For å skilje mellom dei har ein lagt til namnet på regionen dei ligg i, Hadath Beirut, Hadath Baalbeck og Hadath Al Jebbeh. Andre stader med dette namnet finst òg i Midtausten.

Den semittiske rota Hadath tyder «den nye». Hadath kan tyde «den nye byen».[1]

Den vanlege uttalen av namnet er Hadad. Dette indikerer at namnet kan ha ei anna tyding. Hadad var ein nordvestleg semittisk uvêrsgud og byen kan ha hatt eit tempel tileigna denne guden. I følgje ei segn vart kyrkja tileigna vernehelgenen til Hadath, St. Daniel, bygd på ruinane av eit heidensk tempel.[2]

Jebbeh er det tradisjonelle namnet på Kadisharegionen, òg kalla Jebbet Bsharri som refererer til Bsharri, den største byen i regionen. Den semittiske rota gb tyder «brunn» eller «djup», og kan syne til dei djupe kløftene i Kadisha. I Libanon finst andre Jebbeh som Jebbet Mnaytra og Jebbet Yanuh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hadath er ein særs gammal busetnad. Maronittar slo seg ned her på 800-talet etter å ha flykta frå Orontesdalen. Byen vart øydelagd mot slutten av 1200-talet av mamelukkane. Frå denne perioden er det funne åtte maronittiske mumiar av innbyggjarane i ei nærliggande grotte, 'Assi av Hadath. Etter byen vart øydelagd, vart han bygd opp att og vart igjen ein viktig by fram til slutten av 1500-talet.

Hadath gav den maronittiske kyrkja tre patriarkar, Yaaqoub Ibn Eid (1445–1468), Boutros Ibn Youssef Ibn Yaaqoub, kjend som Ibn Hassane (1468–1492) og Sham'un Ibn Dawud Ibn Youssef Ibn Hassane (1492–1524).[3] Desse tre patriarkane var særs aktive i kampen mot påverknaden frå jakobittanemaronittane, ein kamp som førte til at jakobittane vart drivne ut av Kadisha kring 1550.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moubarac, Y. (1984). Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk - Volume 2 - Part 2, Cenacle Libanais, Beirut. page 649.
  2. Lammens, H. (1986). Tasrih al-Absar fi Ma Yahtawi Loubnan min Al-Athar, Dar Nazir Abboud, Beirut. Page 99-100
  3. Moubarac, Y. (1984). Pentalogie Antiochienne / Domaine Maronite - Volume 1 - Part 1, Cenacle Libanais, Beirut. s. 14.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]