Haglette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haglette er ein gamal type festmat av mjølk.[1] Han vart oftast nytta i samband med høgtider som jol, gjestebod, bryllaup og gravferd. Haglette er kjend i Vest-Telemark og kan minne om det ein på Vestlandet kallar dravle og i Hedmark gubb.

Mjølka som vert brukt er best når ho kjem rett frå kyrne, altså korkje pasteurisert eller homogenisert. Mjølka vert varma til 37-38° Celsius, så har ein i kjese (osteløype) i forholdet ei teskei til ti liter mjølk. Blandinga står roleg i ein til halvannan time. Så skjer ein opp ostemassen i ruter i kjelen og varmar opp til kokepunktet. Dette skal så kokast inn til det er att kring ein tredel av den opphavlege mengda. Då skal ho ha ein gyllenbrun farge og smaken skal minne om prim. Denne oppskrifta kjem frå Vinje kommune, nærare bestemt frå Høgetveit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK (23. desember 2015), «Haglette», NRK (på norsk bokmål), henta 29. juni 2019