Haguenau
| Haguenau | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Bas-Rhin | |
| Flatevidd | 182,59 km² | |
| Flatevidd • By |
182,59 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
32 242 176/km² | |
| Koordinatar | 48°49′N 07°47′E / 48.817°N 7.783°E | |
| Høgd | 150 m | |
| Tidssone | CET (UTC+1) | |
| Postnummer | 67500 | |
| Nettstad: www.ville-haguenau.fr | ||
Haguenau (tysk Hagenau) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Grand Est, og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Han er den fjerde største byen i Alsace, og den nest største i Bas-Rhin etter Strasbourg, som ligg 30 km lenger sør. I nord ligg Forêt de Haguenau den største samanhengande skogen i Frankrike.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Haguenau har ei historie som går tilbake til 1100-talet, og oppstod då hertugane i Schwaben bygde ei jakthytte på ei øy i den litle elva Moder. Keisar Fredrik Barbarossa lagde bymurar rundt byen og gav han byrettar i 1154. På staden der jakthytta låg bygde han eit keisarpalass, der Kronjuvelane til Det tysk-romerske riket vart halde (Juvelbesatt keisarkrone, septer, keisarkule og sverdet til Karl den store)
Etter kvart vart Haguenau sete i Landvogt av Hagenau, keisarleg advocatus i Unterelsaß. Richard av Cornwall gjorde byen til ein keisarby i 1257. På 1300-talet husa han magistratet i Decapole, ein forsvarssameining av ti byar i Alsace mot den politiske ustabiliteten i områda rundt. Med freden i Westfalen i 1648 vart byen ein del av Frankrike, og i 1673 reiv Kong Louis XIV ned festningsverka i byen. Haguenau vart erobra av tyske troppar i 1675, men gjenerobra av Frankrike to år seinare. Byen vart derimot nesten totalt øydelagd av ein brann i prosessen.
I 1871 vart Haguenau annektert av Tyskland og gjort til ein del av Alsace-Lorraine som Hagenau. Han vart gjeven tilbake til Frankrike etter den første verdskrigen.
