Haifabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haifabukta
bukt
Haifabukta
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Del av Middelhavet
Byar Haifa
Stad Middelhavet
 - koordinatar 32°49′23.01″N 35°1′26.04″E / 32.8230583°N 35.0239000°E / 32.8230583; 35.0239000
Kart
Haifabukta
32°49′23″N 35°01′26″E / 32.823058333333°N 35.0239°E / 32.823058333333; 35.0239
Wikimedia Commons: Haifa Bay

Haifabukta (hebraisk מפרץ חיפה, Mifratz Haifa) er ei bukt langs middelhavskysten av det nordlege Israel. Haifabukta er den einaste naturlege hamna i Israel ved Middelhavet.

Kishonelva munnar ut i bukta og byane Haifa og Akko ligg høvesvis på sør og nord i bukta, medan det i midten er rekkjer av sanddyner og forstadsområdet Krayot. Karmelberget stig opp frå sørenden av bukta, medan fjella i Vest-Galilea går frå kysten og innoverland på nordsida. Hamna i Haifa ligg langs den søraustlege kysten av bukta.

Haifabukta syner òg til ein av dei ni bydelane i Haifa, og er i stor grad eit industriområde nordaust for sentrumsområdet og sør for Kiryat Hayim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1920-åra vart det grunnlagd fleire kibbutzim i bydelen Bat Galim i Haifabukta i etter det britiske mandatet gav pengar til utvikling av området.[1] Sidan kysten av Palestina mangla ei moderne hamn, planla dei britiske styresmaktene eit nytt hamneanlegg. Haifa Bay Development Company vart grunnlagd i februar 1925 for å utvikle desse planane, men fekk ikkje nok kapital, så transaksjonen vart gjort med Palestina Land Development Company. Området vart kjøpt av familien Sursock, som hadde kjøpt det frå dei osmanske styresmaktene i 1872. Den 4 500 hektar store landområdet vart kalla Jidro-området. Selskapet kjøpte òg ein 99 år lang konsesjon for ytterlegare 1 200 hektar med tilstøytande land, som gav eit samla areal på 5 700.[2] Området skifta eigarar fleire gonger på grunn av økonomiske vanskar, men vart til slutt kjøpt av Bayside Land Company, som samarbeidde med Jewish National Fund. I 1928 fekk selskapet i oppdra av Patrick Abercrombie å lage ein utviklingsplan.[3]

I 1934 vart Fønikia glasverk oppretta i Haifabukta. Selskapet flytta til Yeruham i 1968 og er framleis i drift i dag.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]