Haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haldeplass for trikk i Oslo.
Offentleg trafikkskilt som markerer haldeplass for rutebuss.

Haldeplass er ein stad der det er lagt til rette for at vogner i rutegåande eller annan kollektiv persontransport kan stogge for å take med og sleppe av passasjerar. Døme på haldeplassar er stoppestader for jarnbanetog, rutebuss, T-bane, trikk, drosje og liknande.

På haldeplassane for tog og tunnelbane (T-bane), og i somme høve for trikk og rutebuss, er det ein perrong (plattform) som gjer av- og påstiginga lettare. På mykje nytta haldeplassar er òg ofte sett opp eit leskur eller eit venterom, og dessutan billettautomatar på sine stader. Haldeplassane for rutebuss er ofte berre markert med eit trafikkskilt attmed vegbana eller i ei busslomme (eit areal attmed vegbana som bussar kan stogge på for ikkje å hindre trafikken på vegen), og for trikk markert på liknande vis med eit skilt på fortauet attmed skjenegangen.