Rutebuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Rutebussar parkerte på Bakkemyr i Aukra.

Rutebuss er ein buss som går i fast rute. Det kan vera bussar drivne av eit rutebilselskap som fraktar passasjerar over korte avstandar i opplandet til ein by eller tettstad, bybussar nytta i ei bykjerne, flybussar, men òg bussar som går i rute over lengre distansar, som til dømes ekspressbussar mellom byar.