Hallvard Magerøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallvard Magerøy
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 1916
Død

15. november 1994 (78 år)

Yrke filolog
Far Nils Magerøy

Hallvard Magerøy (15. januar 191615. november 1994) var ein norsk historikar og filolog, professor i islandsk ved Universitetet i Oslo, fødd i BorgundSunnmøre. Særleg utmerkte han seg som sagaforskar, der han slutta seg til eit syn på islendingesagaene som litteratur skapt av skuleutdanna forfattarar på 1200-talet.

Magerøy tok eksamen artium i Volda i 1936,og embetseksamen ved Universitetet i Oslo 1946, med norsk som hovudfag og norrøn filologi som spesialområde. 1947–50 var han utdanningsstipendiat ved UiO, 1949–52 norsk lektor ved Islands universitet, 1952–56 NAVF-stipendiat. I tida 1956–62 arbeidde han ved kommisjonen for Diplomatarium Norvegicum, og deretter 1962–73 dosent i norrøn filologi og 1974–84 professor i islandsk ved UiO.

Magerøy forska mykje på sagaer bevart i fleire versjonar, og tok doktorgraden i 1958 på avhandlinga Studier i Bandamanna saga. Han var overbevist om at versjonane hadde eit felles skriftleg grunnlag og at den lengste var den eldste, såleis måtte den leggjast til grunn når ny utgåve skulle gjevast ut.

På 1970-talet arbeidde han og Finn Hødnebø saman om nye omsetjingar av kongesagaene. Det siste større verket som Magerøy gav ut, Soga om austmenn, er ei oversikt over kjeldemateriale som kan fortelje om sambandet mellom Noreg og Island frå dei eldste tider til 1500-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]