Hallvor A. Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvor A. Berg
Fødd1. november 1854
Død24. april 1905
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hallvor Arneson Ellestad Berg (1. november 185424. april 1905) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Gol i Buskerud. Han var medlem av Venstre.

Berg var son av ein gardbrukar og handelsmann på Gol. Han gjekk på seminaretHamar, eksamen 1875. Deretter var han lærar ved Totens høiere almenskole i eitt år, og 1½ år ved folkeskulen i Kragerø. Frå 1878 var han lærar og kyrkjesongar i Gol, stillingar han hadde til han døydde. Han tok aktivt del i skogsaka, elevane dreiv med skogplanting kvar vår.

Han var medlem av heradsstyret og var heradskasserar i Gol. Elles var han aktiv for fråhaldsaka.

Berg representerte 1892-94 og 1898-1900 Buskeruds amtStortinget. I den fyrste perioden var han medlem av vegkomiteen, i den siste av jarnbanekomiteen og valkomiteen.

Han døydde på klokkargarden i Gol våren 1905.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914