Halvor Olaus Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Halvor Olaus Christensen
Halvor Christensen.png
Fødd 1800
Død

1891

Halvor Olaus Christensen (18. februar 180010. juni 1891) var ein norsk embetsmann og politikar.[1] Han var byfogd, byskrivar og politimeister i Stavanger i ei årrekkje, og representerte byen på Stortinget.[1]

Christensen var på alle storting mellom 1833 og 1873, bortsett frå sesjonane i 1851, 1857 og 1869. Han var lagtingspresident i 1845, 1854 og 1862-69 og stortingspresident i 1848. Han var medlem i fleire av stortingets viktigaste komitear, og var ofte komiteleiar i desse. Han arbeidde mykje med ulike politiske reformer, som til dømes innføring av årvisst storting og oppheving av statthaldarposten. I spørsmåla kring unionen gjekk han inn for full jamstilling mellom Noreg og Sverige.

Christensen var son av Eidsvollsmannen Christian Christensen Kollerud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]