Hamdanidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
الحمدانيون
Al-Ḥamdāniyūn
Hamdanide-dynastiet
Blank.png
8901004 Blank.png
 
Blank.png
 
Blank.png
Plasseringa til Hamdanidane
Hovudstad Al-Mawṣil, Ḥalab
Språk arabisk
Religion Sjiaislam (offisielt), sunniislam, kristendom
Styreform Monarki
Historie
 - Oppretta 890
 - Opphøyrde 1004
I dag ein del av Flag of Syria.svg Syria, Flag of Iraq.svg Irak, Flag of Turkey.svg Tyrkia

Hamdanidane (arabisk حمدانيون Ḥamdānyūn) var eit sjiittisk arabisk dynasti som herska over delar av Nord-Irak og Syria frå 890 til 1004. Dynastiet var grunnlagt av Banū Ḥamdān (بنو حمدان), som hevda å nedstamme frå den gamle kristne stamma Banū Taġlib frå Mesopotamia.

Ḥamdānide-dynastiet vart grunnlagt av Ḥamdān ibn Ḥamdun (derfor ḥamdānidane) då han vart utnemnd av Abbāsīde-kalifen som guvernør for Mardin i det søraustlege Anatolia i 890.

Sonen hans Abd Allah ibn Ḥamdān vart deretter utnemnd til guvernør for al-Mawṣil i dagens Nord-Irak i 906, og i 914 erobra han abbasidehovudstaden Bagdad. Sønene hans vart vidare innsette som guvernørar i al-Mawṣil og Ḥalab. Seinare var Nāṣir ad-Dawlah sitt styre i al-Mawṣil og Diyarbakır så til dei gradene tyrannisk at han vart avsett av sin eigen familie.

Hamdanidane heldt fram å styre i al-Mawṣil fram til 990, trass i det store nederlaget deira mot buwayhidane i 979. Etter dette var området dei hadde kontrollert i Nord-Irak delt mellom uqaylidane og marwanidane.

Alī Sayf ad-Dawlah, «Sverdet til riket», herska over Nord-Syria og Ḥalab, der han vart den viktigaste motstandaren mot ekspansjonen til Austromarriket. Hoffet hans var eit kultursenter og fremja arabisk litteratur, men mista statusen sin etter austromarane erobra Ḥalab.

For å stoppe frammarsjen til austromarane vart Ḥalab underlagt dei egyptiske fatimidane, og i 1004 vart ḥamdanidane avsett av dei nye faṭimideherskarane.

Ḥamdanidiske herskarar[endre | endre wikiteksten]

Citadellet i Aleppo tente i ein periode som hovudstaden til ḥamdanidane.

Al-Ǧazīra

  1. Ḥamdān ibn Ḥamdun (890-895?)
  2. Al-Ḥusayn ibn Ḥamdān (895-916)
  3. ʿAbd Allah ibn Ḥamdān (906-929)
  4. Nāṣir ad-Dawlah (929-967)
  5. ʿAdid ad-Daulah (967-980)
  6. Abū Ṭahir Ibrahīm ibn al-Ḥasan (989-997)
  7. Abū ʿAbd Allah al-Ḥusayn ibn al-Ḥasan (989-997)

Ḥalab

  1. Alī Sayf ad-Dawlah (945-967)
  2. Saʿd ad-Dawlah (967-991)
  3. Saʿīd ad-Dawlah (991-1002)
  4. Abū Ḥasan ʿAlī (1002–1004)
  5. Abul al-Maʿāli Šarīf (1004–1004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]