Handball-NM 1986 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 1986 for kvinner vart vunne av Gjerpen Idrettsforening gjennom finalesiger 22-20 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Nidarøhallen i Trondheim sundag 21. desember 1986 framfor 2 500 tilskodarar. Kampen vart ein reprise på førre års finale, då dei same to mannskapa tørna saman og Gjerpen vann ein tremålssiger. I Trondheim leia heimelaget 11-10 ved pause. Så snudde Gjerpen kampen og gjekk opp i leiing 18-15 vel midtvegs i den andre omgangen. Byåsen makta utlikne til 18-18, før Gjerpens kantspelar Liv Schønhardt vart finalehelt med eit par skåringar som syrgde for at laget frå Skien kunne kontrollere inn til siger 22-20.

For Gjerpen IF skåra kapteinen Hanne Hegh 6 mål, medan Liv Schønhardt og Ingunn Strøm begge fekk 5 nettkjenningar, Bente Ljostveit Øino 4 og Anne Migliosi 2 skåringar. Kjerstin Andersen vakta målburet.

Mål for Byåsen IL laga Trine Haltvik (7), Åse Birkrem (6), Ann Elin Angvik (2), medan Ann Karin Snorroeggen, Gry Haltvik, Kari Knudsen, Marit Lægdheim og målvakta Unni Birkrem fann vegen til nettmauskane kvar sin gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]