Trine Haltvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trine Haltvik
Fødd 23. mars 1965
Trondheim
Yrke handballspelar, håndballtrener

Trine Haltvik (fødd 23. mars 1965) er ein norsk tidlegare handballspelar og -trenar frå Trondheim. Ho vann EM-gull 1998 og VM-gull 1999 med Noreg, og elles sølvmedaljar OL 1988, VM 1997 og EM 1996, og bronsemedaljar EM 1986 og OL 2000. Haltvik, som var høgre rykkrom-spelar, vann fem seriegull og tre cupmeisterskap med Byåsen IL. I tida 1984-2000 spelte ho 240 landskampar for Noreg og skåra 832 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Haltvik debuterte på det norske landslaget mot Sverige 14. september 1984 og spelte sin siste landskamp i OL-bronsefinalen mot Sør-Korea 1. oktober 2000. Ho var med då Noregs handballkvinner fekk sitt internasjonale gjennombrot med bronsemedaljar under Handball-EM 1986 i Nederland, og to år seinare vann sølv under Sommar-OL 1990. Perioden 1991-95 kom ho ikkje med i troppane til dei ulike meisterskapane. Fyrst då Noreg spelte seg til bronsefinale under Sommar-OL 1996, var Haltvik tilbake på laget. I dei nestkomande meisterskapsturneringane var ho ein nøkkelspelar då Noreg tok sølv i EM 1996 og VM 1997, deretter gullmedaljar i EM 1998 og VM 1999, og til sist OL-bronse i 2000. Etter framifrå innsats i EM 1998 vart ho kåra til årets kvinnelege handballspelar av Verdas handballforbund.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Haltvik vart norsk cupmeister med Byåsen IL tre gongar og seriemeister fem gongar. Ho vart toppskårar i den norske handballserien 1996, 1998 og 1999. Sesongen 1999/2000 spelte ho på spanske Remundas, vende så tilbake til Byåsen. Ho slutta i Byåsen i 2006 og byrja noko seinare som spelande trenar i Selbu IL til 2012.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1999 med Noreg
  • Europameister: 1998 med Noreg
  • OL-sølv: 1988 med Noreg
  • VM-sølv: 1997 med Noreg
  • EM-sølv: 1986 og 1996 med Noreg (2)
  • OL-bronse: 2000 med Noreg
  • Norsk seriemeister: Byåsen IL (5 gongar)
  • Norsk cupmeister: 1988, 1991 og ?? med Byåsen IL (3 gongar)

Haltvik vart tildelt Olavstatuetten i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]