Hanne Hegh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanne Hegh

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1960 (63 år)
Oslo
Yrke handballspelar, handballtrenar

Hanne Hegh (fødd 27. april 1960) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann VM-bronse i 1986 og OL-sølv 1988 med Noregs handballandslag for kvinner. Ho vann elles fire noregsmeisterskap og to seriemeisterskap med Gjerpen IF.

Hegh debuterte for Noreg 2. november 1979. Ho var kaptein på dei norske landslaga som vann bronsemedalje i handball-VM 1986 i Nederland og sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Hegh deltok i si siste meisterskapsturnering ved handball-VM 1990. Ho var playmaker (spelesjef) i angrepsspelet og skåra 361 mål på sine 202 landskampar.

Med idrettslaget Gjerpen IF vann Hegh NM-finalen i 1985, 1986, 1990 og 1992 og seriemeisterskapen i 1991 og 1993.

Også dottera Emilie Hegh Arntzen har vunne meistertitlar med det norske handballandslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]