Hans-Christian Udnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans-Christian Udnæs
Fødd 27. mai 1963
Yrke langrennsløpar

Hans-Christian Udnæs (fødd 27. mai 1963)[1] er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han er utdanna hydrolog og busett på Lillehammer.

Udnæs vart noregsmeister på 50 km langrenn i 1987. NM-rennet i Steinkjer gjekk under tunge tilhøve. Han vann då med klar marigin, halvtanna minutt, til toaren Hans Erik Tofte. I Holmenkollrenna oppnådde Udnæs si beste plassering i 1985, då han kom på 14. plass på 50-kilometeren. Han var klart best på dei lange distansane, hevda seg aldri på 15 km.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Nr 12 på 50 km i Tromsø
  • 1987: Gullmedalje på 50 km i Steinkjer
  • 1988: Nr 4 på 50 km i Vang
  • 1989: Nr 10 på 30 km på Geilo
  • 1990: Nr 8 på 50 km på Gjøvik
  • 1991: Nr 5 på 50 km i Bodø

I sin siste sesong på topplan, 1991, vart han beste nordmann i Vasaloppet med ein 6. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  1. Skattelistene 2001-2009