Hans Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Dahl
Dahl Hans Selbstportrait.jpg
Fødd 19. februar 1849
Granvin
Død

27. juli 1937
Balestrand

Yrke kunstmålar
Hans Dahl på Commons
Måleri av Hans Dahl med bunad og fjord.

Hans Dahl (19. februar 184927. juli 1937) var ein norsk kunstmålar. Han er kjend for å ha måla nyromantiske «glansbilete», ofte med bunadskledde jenter i vestlandske fjordlandskap.

Hans Dahl på trappa heime i Villa Strandheim i 1925

Hans Dahl var fødd i Granvin i Hardanger. Frå 1873 til 1888 utdanna han seg og arbeidde i Düsseldorf som målar. Etter det budde han i Berlin før han flytta heim til Noreg og busette seg i Balestrand i Balestrand kommune der han hadde hatt sommarbustad sidan 1893. Kunstnaren døydde i Balestrand i 1937. Han var far til kunstmålaren Hans Andreas Dahl.

Kunsten til Hans Dahl har aldri vore særleg omtykt mellom kunstkritikarane, verken i samtida eller seinare. Han hadde likevel ingen vanskar med å få seld bileta sine medan han levde, og i nyare tid har bileta hans vorte populære på auksjonsmarknaden, der dei har vorte selde for opp til fleire 100 000 kroner stykket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.