Hans Edgar Paulsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Edgar Paulsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. april 1946 (78 år)
Idrett fotball

Hans Edgar Paulsen (fødd 23. april 1946) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger. Han var 1967-75 midtspiss i Viking Fotballklubb og såleis med om å vinne seriemeisterskapen sesongane 1972-75. Paulsen utmerkte seg særleg som hovudspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Paulsen var aktiv i FK Vidar frå 1963 til 66, eit lag som då tok seg opp frå 4. til 3. divisjon. Der etter melde han seg inn i Viking Fotballklubb. I løpet av ni sesongar spelte han 273 kampar og skåra 98 mål. I fire sesongar på rad lukkast han og lagkameratane i Viking å gå til topps i 1. divisjon. 20. oktober 1974 skåra han Vikings mål då laget tapte cupfinalen på Ullevål stadion med 1–3. 1976-78 spelte Paulsen atter på Vidar sitt lag, då som midtstoppar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Paulsen spelte 4 landskampar for Noreg, ein i juni 1970 og tre i juni-juli 1973. I sin debutkamp skåra han det fyrste målet då Noreg vann 2–0 over FinlandBrann stadion i Bergen. 6. juni 1973 utlikna han til sluttresultatet 1–1 då Irlands landslag vitja Oslo.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1972, 1973, 1974 og 1975 for Viking FK
  • Tapande cupfinalist: 1974 med Viking FK

Paulsen var i unge år ein habil tennisspelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]