Hans Grimelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Grimelund
Hans Hansen Grimelund.jpg
Fødd30. januar 1806
Død5. juni 1883
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarHans Hansen Grimelund
Grava til ordførar og stortingsmann Hans Hanssen Grimelund; Vestre Aker gravlund i Oslo

Hans Hanssen Grimelund (30. januar 18065. juni 1883) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vestre Aker i Akershus. Hans Hanssen Grimelund var far hans og Andreas Grimelund ein yngre bror.

Han gifta seg til garden Syverud i Ås i Akershus og dreiv denne i åra 1825-40. Då kjøpte han garden Nordberg i Aker av far sin, slo seg ned og var gardbrukar der. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret i Ås, frå 1841 var han medlem av heradsstyret i Aker. Han var ordførar 1859-76 og 1879-81. Elles var han styremedlem i Akers sparebank 1843-66, forlikskommissær 1849-64 og direktør i Akershus brannforsikring 1844-83.

Grimelund var stortingsmann frå Akershus amt i 1854, 1859-60 og 1865-66. Heile tida var han medlem av næringskomite nr 2. Mellom 1851 og 1876 var han fem gongar på frå 1.-4. varamannsplass til Stortinget. Han var medlem av den kongelege kommisjon om utviding av Christiania av 1852.

Han døydde på Nordberg-garden i Aker i 1883.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914