Hans Jørgen Bauck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Jørgen Bauck
Hans Jørgen Bauck (Szacinski).jpg
Fødd 25. oktober 1861

Trondheim

Død 17. januar 1926
Trondheim
Parti Høgre

Hans Jørgen Bauck (25. oktober 18611926) var ein norsk sakførar, tenestemann og Høgre-politikar frå Trondheim.

Bauck var son til ein kjøpmann. Han vart student frå Trondhjems Katedralskole i 1879 og tok juridisk embetseksamen i 1883. I tida 1881-86 var han eidsvoren fullmektig hos byfuten i Trondheim, sidan dreiv han som overrettssakførar i tida 1886–1905. Frå 1904 var han borgarmeister i Trondheim til han døydde.

Bauck var ordførar i Trondheim perioden 1902-04. Valbolken 1913-15 representerte han einmannkrinsen Kalvskinnet og partiet Høgre på Stortinget, der han som medlem av Jarnbanekomiteen arbeidde for å få bygt Dovrebanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]