Hans Kjelsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Kjelsberg
Fødd 7. januar 1819
Røros
Død

26. april 1903
Lødingen

Yrke Lensmann, politikar, bonde

Hans Pedersen Kjelsberg (7. januar 181926. april 1903) var ein lensmann og stortingsmann frå Røros i Sør-Trøndelag.

Far hans var bergkandidat og arbeidde ved Røros koparverk. Sjølv var han kontorist i ni år både i Trøndelag, Nordland og Solør. Etter han tok preliminæreksamen, byrja han studere jus. Han slutta studiane i 1846, då han vart lensmann i Lødingen. Frå 1848 var han også gardbrukar på garden Nes. Frå 1847 til 1887 var han med i oppsynet under lofotfisket. Kjelsberg var medlem av heradsstyret i Lødingen 1851-90 og forlikskommissær frå 1857. Han var elles kommunkasserar frå 1851 og formann i matrikkelkommisjonen i Lødingen.

Kjelsberg representerte Nordlands amtStortinget i 1857 og omframstortinget 1858, samt Stortinget 1859-60. I 1857 var han medlem av protokollkomiteen og i 1859-60 av Lagtinget og justiskomite nr 1.

Han døydde i Lødingen i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]