Hans Ludvig Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Ludvig Meyer
Fødd3. desember 1857
Død25. april 1940 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Alle verv

Hans Ludvig Meyer (3. desember 185725. april 1940) var ein norsk grosserar frå Østre Halsen i Tjølling. Han representerte partiet HøgreStortinget i til saman ni år i tida 1910-21.

Meyer var son til ein skipper. Han gjekk Larvik middel- og realskule og vart student i 1872. Dei neste åra reiste han til sjøs. Frå 1880 til 1897 var han skipper, for det meste i langfart. Han budde i strandstaden Østre Halsen fram til 1896, flytta då til Larvik, der han i 1898 etablerte seg som skipsreiar. Han var frå 1899 medeigar i reiarlaget Gran & Meyer, eineeigar frå 1908. Omframt utreiinga av skip, dreiv han eksporthandel og handel med fiskeriprodukt.

Meyer var bystyremedlem i Larvik i seks år. Han var styreformann for Larvik sjømannsskule, Larvik sparebank, Larvik kassefabrikk, og i kvalfangarselskap. I tida 1910-15 var han stortingsmann frå einmannskrinsen Larvik og Sandefjord, medlem i Protokollkomiteen 1910-12 og i Konstitusjonskomiteen 1913-15. Etter å ha vore ute av Tinget ein valbolk, kom han innatt og representerte same krinsen og framleis Høgre på Stortinget 1919-21.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]