Hans Meisingset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Larsson Meisingset (11. desember 18548. juli 1917) var ein gardbrukar, lensmann, fyrvaktar og stortingsmann frå Tingvoll. Han var medlem av Venstre.

Foreldra var plassefolk i Tingvoll. Sjølv tok han eksamen ved underoffisersskulen i Trondheim i 1879. Åra 1880-94 var han gardbrukar på Meisingset i Tingvoll, deretter lensmann 1894-1909 i Sunndal og Øksendal, busett på Sunndalsøra. Sidan 1909 var han fyrvaktar på Børøholm fyr i Fillan.

Meisingset var ordførar i Tingvoll 1886-94 og elles forlikskommissær og valmann. I si tid i Sunndal var han medlem av heradsstyret, medan han etter han kom til Fillan var «direktør» i Ind-Hitterens sparebank.

Meisingset representerte Romsdals amtStortinget 1895-1903 og Søre Nordmøre krins 1906-09. Han var medlem 1895-97 og sekretær 1898-1903 i militærkomiteen, samt sekretær i Odelstinget 1898 og i Stortinget 1898-1903. 1900-03 var han og medlem av valkomiteen og i 1902 av den utvida justiskomiteen. 1906-09 var han på ny sekretær i Stortinget og medlem av næringskomite nr 1. Inn i mellom var han medlem av departementskomitear vedkomande organiseringa av marinen, om skyttarsaka og «utskrivingsvæsenet».

Han døydde på Børøholm fyr. [1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]