Hans Morten Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Morten Hansen

Fødd28. februar 1964 (60 år)
FødestadBergen
Verka somkomikar, skodespelar, influensar

Hans Morten Hansen (fødd 28. februar 1964) er ein norsk komikar og skodespelar. Han debuterte som komikar under den fyrste Humorfestivalen i Stavanger i 1993, og har sidan 1995 hatt dette som yrke. Han er ein av komikarane under paraplyen til Stand Up Norge i Oslo.

Hans Morten Hansen vann Komiprisen 2010 og 2012 i klassen beste standup artist for framsyningane Is this it? og Roper i skogen... Og forventer å få svar.[1][2] Han var òg nominert i same klasse i 2009 for Hansenhjørnet.

Hansen er òg kjent for rolla si som naboen Rolf Gullestad i situasjonskomedie Side om side som gjekk på NRK frå 2013 til 2023, og den sure byråkraten Finn i filmen Trolljegeren frå 2010.

Verdsrekord[endre | endre wikiteksten]

Hansen sette verdsrekord standupkomedie den 20. august 2010, etter å ha halde show i 38 timar og 14 minutt.[3] Han byrja verdsrekordforsøket onsdag den 18. august 2010 kl. 22:00 under Stand Up Festivalen på utestaden Latter på Aker Brygge i Oslo. Komikaren vart halden under oppsyn av komikarkollegaen og lækjaren Jonas Kinge Bergland.[4] Han slo den tidlegare rekorden til den australske komikaren Lindsay Webb[5] med sju minutt, etter å ha halde det gåande til fredag den 20. august 2010 kl. 12:14.[6] Hansen hadde verdsrekorden ein dryg månad før han vart slege av ein amerikansk komikar.[7]

For at Guinness rekordbok skulle godkjenna verdsrekordforsøket, måtte det til kvar tid vera minst 10 tilskodarar til stades og gå minst fire timar mellom gjentakinga av same vits.[4] Han hadde lov til å ha ein pause på fem minutt kvar time,[8] og mogleiken til å spara desse til færre, men lengre pausar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grimen, Bjørn (29. august 2010), «Stand-up pris til Hans Morten Hanse», NRK (på norsk bokmål), henta 25. november 2023 
  2. Hansen, Magne (25. august 2012), «Disse er årets morsomste», NRK (på norsk bokmål), henta 25. november 2023 
  3. «Nå har Hans Morten Hansen satt verdensrekord», www.vg.no (på norsk bokmål), 20. august 2010, henta 25. november 2023 
  4. 4,0 4,1 «Komiker stresset før kveldens rekordforsøk», www.vg.no (på norsk bokmål), 18. august 2010, henta 25. november 2023 
  5. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 20. august 2010. 
  6. Grimen, Bjørn (20. august 2010), «Jubler for verdensrekord», NRK (på norsk bokmål), henta 25. november 2023 
  7. «Hansen mistet rekorden», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 24. september 2010, henta 25. november 2023 
  8. «Satte ny rekord med vitser og gjøn i 38 timer», TV 2 (på norsk bokmål), 20. august 2010, henta 25. november 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]