Hans Peter Lødrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Peter Lødrup
Fødd 26. april 1885
Skien
Død

1955

Yrke politikar

Hans Peter Elisa Lødrup (26. april 18851955) var ein norsk journalist, forfattar og politikar.

Lødrup var son til ein skuleleiar, fødd i Skien og voks opp der og i Bergen og Lillehammer. Han utdanna seg til cand.jur. i 1908, frå 1909 til -11 var han journalist i Morgenbladet. Perioden 1911-16 var han sekretær i Riksmålsforbundet og frå 1912 også redaktør av Riksmaalsbladet. Han var så medarbeidar i Aftenposten 1914–17 og 1923–30, formann 1928-29 i Oslo Journalistklubb. Frå 1926 til -30 representerte han partiet Høgre i Oslo bystyre.

I 1930 kjøpte Lødrup avisa Lillehammer Tilskuer og redigerte denne til 1940. Han gav ut bøkene Efter krigen. Politikk ute og hjemme (1925), Gustav Vigeland (1944), Vinjesvingen og Det store oppgjør, begge i 1945. I tillegg skreiv han fleire firmahistorier om større norske verksemder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]