Hans Saakvitne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Saakvitne
Fødd3. juli 1839
Granvin
Død9. november 1910
Ulvik
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Hans Larsson Saakvitne (3. juli 18399. november 1910) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann for Venstre frå Granvin.

Saakvitne var son av ein gardbrukar. Etter eit kort opphald på Voss lærarskule, var han frå 1859 til 1866 lærar, og frå 1863 til -67 gardbrukar på farsgarden. Frå 1867 til 1892 var han gardbrukar på Nesheim i Granvin. Såkvitne var lensmann i Vossestrand 1892-1901, budde då på Oppheim i Vossestrand. 1901-10 var han lensmann i Ulvik, flytta då til Skeie i Ulvik og busette seg der.

Saakvitne var ordførar i Ulvik 1876-88 og 1890-91. Deretter ordførar i Granvin 1891-92, etter Ulvik-heradet var delt i tre nye herad. Han var forlikskommissær 1871-92, formann i amtsskattekommisjonen 1892-94 og formann i skulestyret.

Saakvitne var stortingsmann for Søndre Bergenhus amt 1883-88 og 1898-1900 og for Hardanger krins 1906-09. Han var 1. varamann for perioden 1880-82 og møtte på Stortinget fyrste gongen i 1880 frå den 9. april, som medlem av næringskomite nr 1. Perioden 1883-85 var han medlem av næringskomite nr 2, 1886-88 av Lagtinget og justiskomite nr 1. Under åra 1898-1900 var han sekretær i Lagtinget og medlem av konstitusjonskomiteen og den militære straffelovskomiteen, 1899-sesjonen var han og med i valkomiteen. I si siste periode på Stortinget, 1906-09, var han medlem av Lagtinget og 1906-07 av sosialkomiteen, samt 1908-09 av konstitusjonskomiteen. Saakvitne var medlem av sivilprosesskommisjonen av 1908.

Han døydde på Skeie i Ulvik i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]