Har Karkom
Har Karkom | |||
fjell | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sør | ||
Koordinatar | 30°17′N 34°45′E / 30.283°N 34.750°E | ||
Har Karkom 30°17′00″N 34°45′00″E / 30.283333333333°N 34.75°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Har Karkom | |||
Har Karkom («Safranfjellet», òg kalla Jabal Ideid) er eit fjell i sørvest i Negevørkenen i Israel, halvvegs mellom Petra og Kadesh Barnea. På grunnlag av at israelittane reiste over Sinaihalvøya mot Petra i ei forholdsvis rett linje, har mange forskarar lurt på om Har Karkom kan vere det same som Sinaifjellet i Bibelen. Emmanuel Anati gjorde utgravingar ved dette fjellet og fann ut at det var eit stort kultsenter i eldre steinalder og det kringliggande platået var dekt med heilagdomar, altar, steinsirklar og steinsøyler, og over 40 000 helleristingar.
Basert på desse funna har Anati forfekta at Har Karkom er Sinaifjellet i Bibelen,[1][2] men den religiøse aktiviteten på staden ser ut til å ha hatt ein topp kring 2350-2000 fvt., og fjellet verka å ha vore forlate kanskje kring 1950-1000 fvt. Utvandringa frå Egypt er stundom datert til 1600-1200 fvt., men det finst ingen arkeologiske funn som støttar dette. Anati har i staden plassert utvandringa, basert på arkeologiske funn, til kring 2300 fvt.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Har Karkom» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Emmanuel Anati, The riddle of Mount Sinai : archaeological discoveries at Har Karkom (2001)
- ↑ Mount Sinai has been found: some Archaeological discoveries at Har Karkom
- ↑ Mount Sinai has been found: some Archaeological discoveries at Har Karkom