Harald Gram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Gram
Harald Gram.jpg
Fødd18. september 1887
Oslo
Død7. juni 1961
Oslo
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarGregers Winther Wulfsberg Gram
BarnGregers Gram

Harald Gram (18. september 18877. juni 1961) var ein norsk jurist og politikar frå Oslo. Han var generalsekretær i Høgre og seinare stortingsrepresentant for partiet. Politikaren Gregers Gram (1846–1929) var far hans, motstandsmannen Gregers Gram sonen hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gram studerte juss ved Det Kongelige Frederiks Universitet i heimbyen. Frå 1914 til 1936 var han generalsekretær i partiet Høgre. I tida frå 1928 til sat på stortinget som representant for Akershus og Høgre. Dei to fyrste valperiodane var han medlem i utanriks- og konstitusjonskomiteen, i den siste i kommunalkomiteen. Gram trekte seg frå politikken i 1936, då han fekk stillinga som byfut i Oslo.

Under andre verdenskrigen kom Gram tidleg med motstandskampen. I 1941 leia han ein aksjon som førte til at 22 foreiningar protesterte overfor Reichskommissariatet ettersom medlemskap i Nasjonal samling vart prioritert framom faglege kvalifikasjonar ved tilsetjingar. Etter kvart vart han ein sentral person i motstandsorganisasjonen 2A.

I 1942 bad eksilregjeringa i London han om å ta seg over til Stockholm for å leie arbeidet med å koordinere og finansiere motstanden. Arbeidet gjekk føre seg ved det såkalla Idrettskontoret (seinare Sambandskontoret) ved Den norske legasjonen. I posisjonen som øvste sjef fram til 1945 tok han ei aktivistisk linje som kom i konflikt med regjeringa sin politikk – mellom anna ved at han også finansierte aksjonar utført av den kommunistiske motstandsrørsla.

Etter krigen heldt Gram fram som byfuti Oslo fram til 1957. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden og kommandør av Dannebrogordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi