Harald Lyche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Heyerdahl Lyche (29. juli 18666. april 1933) var ein norsk lækjar frå Drammen, aktiv målmann og samfunnsbyggjar i Vestre Slidre.

Lyche vart cand.med. i 1892. Dei neste tre åra var han amanuensis i Sogndal. Sidan var han kommunelækjar 1895-98 i Vestre Slidre og 1899-1908 i Fredrikstad, der han ei tid var medlem i bystyret og stod bak skipinga av Austfold Mållag. I 1908 fekk han stillinga som distriktslækjar i Nord-Valdres, ein jobb han hadde til 1931.

Frå 1908 budde Lyche i Vestre Slidre. Her var han ei drivande kraft i samfunnslivet. Særleg iherdig arbeidde han for å få opp ein sjukheim i bygda, eit minnesmerke over han vart reist ved sjukeheimen etter han var død. Lyche skipa Vestre Slidre mållag og var formann 1912-22 i Valdres norskmålslag. Jamt og samt skreiv han avisartiklar som kom på trykk i avisene Valdres, Bonden og Den 17de Mai.

Lyche var «ein folkjær og dugande lækjar, eit hartegodt menneske og ei eldsjel». Han var godt hjelpa av kona Asta. Harald Lyche var morbror og fosterfar til Karl Lyche.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]