Harald Stenerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Stenerud (10. mai 18975. februar 1976) var ein norsk jarnbanemann og friidrettsutøvar som perioden 1928-35 vart norsk meister i sleggjekast sju gongar og i diskoskast to gongar. Han vart nummer 4 i diskoskasting ved Sommar-OL 1928.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stenerud tok si fyrste NM-medalje då han i 1926 vart tredjemann i sleggjekast, året etter tok han sølv i øvinga ved noregsmeisterskapen.

Under Sommar-OL 1928 i Amsterdam enda Stenerud på 16. og sisteplass i sleggjekast med 41,06 meter. To dagar seinare, den 1. august, sette han personleg rekord i diskoskast med 45,80 m og vart fjerdemann i tevlinga. Seinare i same månaden, 18. og 19. august, vart han noregsmeister i sleggjekast og deretter diskoskast. I sleggjetevlinga kasta han fire gongar over den norske rekorden, lengste kastet kom i femte omgang og målte 50,39 meter, ei rekordforbetring med over 3,5 m. I diskostevlinga sette han personbeste med 45,99 meter.

Den 7. august 1929 sette Stenerud norsk rekord også i diskoskasting. Med eit kast på 47,20 meter vann han eit internasjonalt friidrettsstemne på Bislett stadion i Oslo, framfor den førre rekordhaldaren Kittil Askildt. Noregsrekorden vart ståande i seks år.

Stenerud gjekk til topps i sleggjetevlinga under noregsmeisterskapen kvart år fram til 1935, med unnatak for 1932 då han måtte nøye seg med sølv, Sjur Johnsen tok gullmedaljen. I 1931 vart Stenerud dobbeltmeister med di han kasta diskosen lengst av alle.

Stenerud var fødd i Moss og busett i Bergen der han var medlem i TIF Viking. Hans norske rekord i sleggjekasting vart ståande i 21 år, til dess Sverre Strandli tok over som mangeårig norsk rekordhaldar i øvinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]