Harald Torp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Torp
Harald Torp.jpg
Fødd 14. mai 1890
Lillehammer
Død

1. desember 1972
Trondheim

Yrke politikar, journalist, redaktør

Vincent Harald Houge Torp (fødd 14. mai 1890 på Lillehammer, død 1. desember 1972 i Trondheim) var ein norsk pressemann og politikar (H). Han var ein markant pressemann og politikar i partipressa si storhetstid, best kjent som redaktør i Adresseavisen i ein mannsalder. Han såg på rollene som redaktør og politikar for å vera to sider av same sak.[1] Harald Torp vert gjerne omtalt som Adresseavisens redningsmann, eller som avisa si «andre grunnleggjar».[1] Forutan tillitsverva sine i Høgre var han òg stortingsrepresentant for partiet i to omgangar.

Familiebakgrunn og yrkeskarrière[endre | endre wikiteksten]

Torp vart fødd på Lillehammer i 1890 som son av distriktslege Jens Kahrs Garmann Torp (1847–1916) og Margrethe Geelmuyden Houge (1852–1890). Harald Torp var frå 1919 gift med kjøpmannsdottera Astrid Emilie Bergseng (1892–1967) frå Lillehammer.

Torp hadde examen artium frå 1909 og var cand.oecon. etter studium i statsøkonomi frå 1912. Etter eit års utenlandsopphold i Alger i 1913 var han journalist i Aftenposten 1914–1916, politisk journalist i Morgenbladet i 1917 og redaktør i Lillehammer Tilskuer 1917–1919. Deretter var han attende i Aftenposten som politisk journalist 1919–1925 og sjefssekretær 1925–1927.

I 1927 vart han tilsett som redaktør i Adresseavisen, der han vart sitjande i redaktørstolen fram til 1969, med unntak av perioden 1941–1945 under andre verdskrig då okkupasjonsmakta erstatta han med Jacob Skylstad. Torp vart redningsmannen for ei avis som sleit med økonomien og stadig søkkande opplagstal, og han bidrog til å snu utviklinga frå underskot til overskot.[1] Som eit ledd i dette, retta Torp fokuset til avisa vekk frå litterære og kyrkjelege emne og over på ei breiare nyhendedekning, og omforma slik avisa frå ei gammal byavis til ei moderne nyhendeavis.

Han gjorde òg Adresseavisen til ei landsdelavis gjennom eit samarbeid med Bondeparti-avisa Nasjonalbladet. Nasjonalbladet vart ikkje lenger utgjeve som eiga avis, men vart komprimert til éi side i Adresseavisen, og Adresseavisen fekk slik fotfeste utanfor Trondheim i konkurranse med Venstre-organet Nidaros. Torp var òg administrerande direktør og styreformann i Adresseavisen A/S, og han bygde dermed avisa både journalistisk og administrativt.[1]

Blant Torps mange verv kan nemnast styreformann i A/S Vinmonopolet i Trondheim, styreformann ved Østmarka sykehus, styremedlem ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, formann i Oslo Journalistklubb frå 1923, nestformann i Noregs Journalistforbund, formann i Den eksklusive herreklubb U.C.D. i 14 år, medlem av Sparetrygdens representantskap 1945–1964, medlem av Sparetrygdens kontrollkomité 1947–1964 og styremedlem i Norsk Telegrambyrå 1951–1969.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Til dei politiske arbeida hans må òg reknast den faglege-politiske innsatsen gjennom Den Konservative Presses Forening (DKPF), der han var mangeårig styremedlem, formann 1936–1950 og æresmedlem frå 1969. Foreningen hadde dengong sjølvstendig representasjon ved Høgres landsmøte.

Han var medlem av Trondheim bystyre og formannskap 1932–1937 og 1948–1959, og fungerte som varaordfører i januar og februar 1935. Torp var òg formann i Trondheim Høgre 1931–1932, medlem av Høgres sentralstyre 1931–1950, medlem av Høgres arbeidsutval 1931–1945 og medlem av Høgres landsstyre 1954–1957. Han var innvalgt på Stortinget i to omgangar, først frå kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylke, det vil seia Trondheim og Levanger, 1937–1945, seinare frå Sør-Trøndelag fylke 1954–1957. I den siste perioden sin var han medlem av Stortingets utanriks- og konstitusjonskomité.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Harald Torp». Norsk biografisk leksikon.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]