Harbor Lights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Harbor Lights»
Musikk av Hugh Williams
Tekst av Jimmy Kennedy
Publisert 1937
Innspelt av Sammy Kaye, Guy Lombardo, Bing Crosby, Ray Anthony, Ralph Flanagan, Elvis Presley, The Platters, Ken Griffin, The Ink Spots, Lawrence Welk, Willie Nelson, Vera Lynn, Irena Santor, Rudy Vallée

«Harbor Lights» er ein populær song av Hugh Williams (pseudonym for Will Grosz) med tekst av Jimmy Kennedy. Denne songen vart opphavleg sungen av Frances Langford i 1937,[1] og vart gjeven ut igjen i 1950.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt av mange artistar, og artistar med versjonar på salslistene er Sammy Kaye, Guy Lombardo, Bing Crosby, Ray Anthony, Ralph Flanagan, Elvis Presley, The Platters (åttandeplassen på Billboard-lista i 1960) og Ken Griffin. Andre versjonar vart spelt inn av The Ink Spots, Lawrence Welk, Willie Nelson, Jerry Lee Lewis, Vera Lynn, Clyde McPhatter, Arthur Tracy og Jon Rauhouse. Ein polsk versjon kalla «Portowe światła», med tekst av Herold (pseudonym for Henryk Szpilman), vart spelt inn i 1938 av Mieczysław Fogg (gjeven ut som Syrena Electro 2035),[2] kort tid etter andre verdskrigen av Tadeusz Miller,[3] og av Irena Santor i 1966.[4]

Den bestseljande versjonen vart spelt inn av Sammy Kaye orchestra. Denne gjekk først inn på Billboard-lista 1. september 1950 og låg der i 25 veker, mellom anna nådde han toppen av lista.[5]

Guy Lombardo orchestra spelte inn songen 24. august 1950 for Decca Records. Denne låg 20 veker på Billboard-lista frå 6. oktober 1950 og nådde andreplassen.[5]

Bing Crosby spelte inn songen 5. september 1950[6] for Decca Records. Denne låg 11 veker på Billboard-lista frå 3. november 1950 og nådde tiandeplassen.[5]

Ray Anthony orchestra spelte inn songen for Capitol Records. B-sida var «Nevertheless». Denne versjonen gjekk inn på Billboard-lista 20. oktober 1950, låg der i 15 veker i alt og nådde ein 15. plass.[5]

Ralph Flanagan gav ut ein versjon for RCA Victor Records. Denne låg fem veker på Billboard-lista frå 27. oktober 1950 og nådde 27. plassen.[5]

Ken Griffin spelte inn songen for Columbia Records. Denne vrsjonen låg ei veke på Billboard-lista frå 20. oktober 1950, med ein 27. plass.[5]

Marco T. y Los Gatos Montañeros gav ut ein versjon av songen 14. september 1987.

Songen vart spelt inn av Pat Boone i 1957 på albumet Howdy!

Rudy Vallée spelte inn ein versjon av songen i 1937.

I seinare år spelte Ace Cannon inn ein instrumental versjon i 1994 for albumet Entertainer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard Top singles of 1937
  2. Lerski, Tomasz M. (2007). Encyklopedia kultury polskiej XX wieku. Muzyka - teatr - film. T.1: Muzyka mechaniczna - pierwsze 40-lecie. Warszawa: Polskie Wydawnictwo Naukowo-Encyklopedyczne. s. 277. ISBN 83-917189-9-9. 
  3. Żyliński, Jacek. «Katalog Polskich Płyt Gramofonowych». Henta 25. juni 2017. [daud lenkje]
  4. Żyliński, Jacek. «Katalog Polskich Płyt Gramofonowych». Henta 25. juni 2017. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  6. «A Bing Crosby Diskografi». BING magazine. International Club Crosby. Henta 19. september 2016.