Harold Gilman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harold Gilman
Harold Gilman portrait by walter sickert.jpg
Fødd 11. februar 1876
Somerset
Død

12. februar 1919
London

Yrke kunstmålar
Harold Gilman på Commons
Fru Mounter ved frukostbordet, 1917
Interiørscene, kanskje frå Noreg, ca 1912

Harold John Wilde Gilman (11. februar 187612. februar 1919) var ein britisk målar, kjend for sine interiør-, portrett- og landskapsmåleri. Han var mellom grunnleggjarane av den såkalla Camden Town-gruppa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gilman var fødd i Rode i Somerset, men voks opp i Romney Marshes i Kent, der faren var skulestyrar. Gilman byrja måle etter han i 1895 hadde vore lærar hos ein britisk familie busett i Odessa i dagens Ukraina. I 1896 byrja han å studere målarkunst ved Hastings School of Art. Året etter flytta han over til Slade School of Fine Art i London, der han vart verande til 1901. I 1904 reiste han til Spania og budde der i meir enn eitt år, medan han studerte dei spanske meistermålarane Diego Velázquez og Francisco Goya. Også USA-amerikanske James Whistler var ein stor inspirasjonskjelde i hans unge år.

Etter å ha busett seg i London, møtte han målaren Walter Sickert i 1907. Saman med Sickert grunnla Gilman både kunstnargruppene Fitzroy Street i 1907 og Camden Town i 1911. I mellomtida hadde han meldt seg inn i Allied Artists' Association og flytta til Letchworth. Verka hans frå den tida syner påverknad frå Édouard Vuillard, så vel som Sickert.

I 1910 vart Gilman mykje stimulert av den fyrste postimpresjonistiske utstillinga i London. Han tok då ein tur til Paris, og fjerna seg snøgt frå Sickert si oppfatning av postimpresjonisme. Gilman frigjorde seg frå Sickert og byrja å bruke stendig kraftigare fargar, påverka av verk av Vincent van Gogh, Paul Gauguin og Paul Signac.

Kanalbrua i Flekkefjord, ca 1913

Gilman vitja Skandinavia i 1912 og 1913. På turane laga han miljø-studiar. Han måla Kanalbrua i Flekkefjord, ei nøyaktig skildring av miljøet på staden. Dette verket er truleg inspirert av Vincent van Gogh si framstilling av ei liknande bru i Provence. Gilman, som tidlegare hadde vore avvisande til van Gogh sin kunst, vart seinare ein stor beundrar. Han identifiserte seg med kunsten til landsmannen Charles Ginner, og kalla seg for ein nyrealistisk målar. Gilman og Ginner heldt fellesutstilling i 1914, og danna noko seinare ein målarskule saman, der dei underviste.

År 1918 gav Canadian War Records Gilman i oppdrag i å reise til Nova Scotia. Der måla han eit kjent bilete av hamna i Halifax til War Memorial i Ottawa.

Vinteren 1919 døydde han av spanskesykja i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]