Harriet Tubman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harriet Tubman i eit udatert bilde.

Harriet Tubman (ca. 182010. mars 1913), også kalla «Black Moses», var ein afroamerikansk rømd slave, slavefrigjerar og borgarrettsforkjempar for slavar og kvinner.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kart med viktige stader i livet til Harriet Tubman avmerkt.

Tubman var fødd i Dorchester County i Maryland som Araminta «Minty» Ross. Fødselen hennar vart ikkje registrert, og det er usikkert kva år ho blei fødd – sjølv oppgav ho fleire. Åra mellom 1815-1825 er blitt føreslåtte, med 1820 eller nokre år seinare som dei mest trulege. Foreldra, Benjamin «Ben» Ross og Harriet «Rit» Greene, var slavar. Ei bestemor, Modesty, var frakta frå Afrika, og jenta blei fortald at ho stamma frå ashantifolk, ellers er ingenting kjend om forfedrane hennar.

Mora til Minty høyrde til Mary Pattison Brodess og seinare sonen Edward, medan Ben høyrde til Mary sin andre ektemann, plantasjeeigaren Anthony Thompson. Dei to gifta seg i 1808 og fekk, ifølgje rettsdokument, ni barn. Tre døtrer blei selde av Edward Brodess og skilde frå familien. Då han også ville selja yngstesonen Moses, gøymde mora han i ein månad, før ho truga eigaren og kjøparen. Hendinga kan ha vist Minty at moststand verka.

Ettersom mora arbeidde som kokke i herskapshuset måtte vesle Minty ta seg av småsøskena i slavekvartera som liten. Då ho var fem eller seks blei ho leigd ut til «Miss Susan» som barnepassar. Piskeslaga ho fekk om ungen gret gav henner arr for resten av livet. Noko seinare blei ho leigd ut til ein plantasjeeigar som sette henne til å sjekka bisamrottefeller. Også då ho hadde meslingar blei ho tvungen ut i kaldt vatn som nådde henne til livet. Minty blei alvorleg sjuk, og blei send heim til mora for å legast. Etter at ho var frisk blei ho leigd ut igjen, og måtte utføra stadig hardare arbeid, som pløying, oksekøyring og skogsarbeid. Ei hending i ungdomstida kom til å prega Minty resten av livet: Då ho nekta å hjelpa ein slaveformann med å halda tilbake ein plantasjeslave som hadde forlate plantasjen utan lov, kasta formannen ei tung vekt som trefte henne i hovudet og slo henne medvitslaus. Ho blei straks sett i arbeid på plantasjen igjen, men etter to dagar blei ho send tilbake til eigaren som ubrukande. Frå då av fekk ho epilepsiliknande anfall der ho mista medvitet, men fekk og religiøse draumar og visjonar som ho meinte var teikn frå Gud.

Etterlysing etter Harriet Tubman («Minty») og dei to brørne då dei rømde.

I 1840 blei faren til Minty frigjeven ut frå testamentet til ein tidlegare eigar. Seinare fann ho ut at det same galdt mora og dei ungane ho måtte ha fått etter at ho blei 45, men eigarane hennar hadde ikkje følgd dette. Minty gifta seg i 1844 med John Tubman, ein fri svart mann, og tok rundt denne tida namnet til mor si, Harriet.

Då Harriet Tubman blei sjuk i 1849 minka verdien hennar som slave, og eigaren prøvde å selja henne. Då det verka som om salet var klart, døydde han. Tubman hadde bede, først om at han ville endra seg til det betre og seinare om at Gud måtte drepa han. Men dødsfallet førte til at enkja Eliza tok til å selja slavane, slik at heile familien kom til å brytast opp. Før dette kunne henda prøvde Harriet å flykta saman med dei to brørne Ben og Henry, men brørne endra meining undervegs og tvinga henne til å bli med tilbake.

When I found I had crossed that line, I looked at my hands to see if I was the same person. There was such a glory over everything; the sun came like gold through the trees, and over the fields, and I felt like I was in Heaven.

Tubman om å ha kryssa grensa til Pennsylvania.

Noko seinare rømde Harriet åleine. Ho reiste om kvelden og gøymde seg om dagen. Ved hjelp av «undergrunnsjernbanen», eit nettverk av hjelparar som talde frie svarte, kvite slavemotstandarar og kristne aktivistar, særleg kvekarar, kom ho seg heilskinna fram til Pennsylvania, som ikkje var ein slavestat.

Frigjerar[endre | endre wikiteksten]

Som ein av få rømde slavar vende Harriet Tubman tilbake til heimstaten for å hjelp andre å flykta. I alt utførte ho 19 reiser med slavar som ville rømma, og gav råd til andre, slik at ho personleg hjelpte over 300 folk til fridom. Ho blei kalla «Moses», fordi ho, lik han, leia folket sitt bort frå fangenskap. Tubman frikjøpte foreldra sine og fekk dei etterkvart til Canada, etter at Fugitive Slave Act, som sa at rømde slavar kunne takast tilbake til eigarane sine også frå statar der ein ikkje dreiv med slavehald, gjorde USA for farleg. Ektemannen John følgde derimot ikkje med nordover; han gifta seg på nytt i tida ho var borte.

Harriet Tubman som gammal.

Tubman arbeidde også som speidar og sjukepleiar under Den amerikanske borgarkrigen. Etter at slaveriet opphøyrde i USA slo ho seg ned i Auburn i New York. Her møtte ho muraren og borgarkrigsveteranen Nelson Davis, som ho gifta seg med i 1869. Dei to adopterte ei dotter, Gertie, i 1874.

Rundt byrjinga av 1900-talet blei Tubman aktiv i African Methodist Episcopal Zion Church i Auburn. I 1903 gav ho kyrkja eit stykke eigedom til å bygga ein aldersheim for fattige farga. Harriet Tubman Home for the Aged blei opna i 1908, og Harriet Tubman sjølv blei lagd inn i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Harriet Tubman» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Anderson, E. M. (2005). Home, Miss Moses: A novel in the time of Harriet Tubman. Higganum, CT: Higganum Hill Books. ISBN 0-9776556-0-1.
      • Bradford, Sarah (1961). Harriet Tubman: The Moses of Her People. New York: Corinth Books.
      • Bradford, Sarah (1971). Scenes in the Life of Harriet Tubman. Freeport: Books for Libraries Press. ISBN 0-8369-8782-9.
      • Clinton, Catherine (2004). Harriet Tubman: The Road to Freedom. New York: Little, Brown and Company. ISBN 0-316-14492-4.
      • Conrad, Earl (1942). Harriet Tubman: Negro Soldier and Abolitionist. New York: International Publishers.
      • Douglass, Frederick (1969). Life and times of Frederick Douglass: his early life as a slave, his escape from bondage, and his complete history, written by himself. London: Collier-Macmillan.
      • Humez, Jean (2003). Harriet Tubman: The Life and Life Stories. Madison: University of Wisconsin Press. ISBN 0-299-19120-6.
      • Larson, Kate Clifford (2004). Bound For the Promised Land: Harriet Tubman, Portrait of an American Hero. New York: Ballantine Books. ISBN 0-345-45627-0.
      • Sterling, Dorothy (1970). Freedom Train: The Story of Harriet Tubman. New York: Scholastic, Inc. ISBN 0-590-43628-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harriet Tubman