Hatari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hatari
Iceland-Hatari-ESC2019-002.jpg
Aktiv2015–
Sjangertechno, synth-punk
PrisarÍslensku tónlistarverðlaunin

Hatari er eit islandsk techno-punkrock performance-band frå Reykjavík.[1][2] Bandet består av Klemens Hannigan, Matthias Haraldsson og Einar Stefánsson. Bandet har gjeve ut éin EP og fleire singlar, og dei er kjende for sine performance-aktige liveframsyning og BDSM-inspirerte scenekostyme. Hatari skildrar seg sjølve som ein «anti-kapitalistisk-, BDSM-, techno- og performance kunst-gruppe».[3] Hatari vann den islandske musikktevlinga Söngvakeppnin 2019 og representerte Island i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Hatrið mun sigra».[4] Bandet hamna på tiandeplass i finalen og vakte oppsikt då dei heldt opp palestinske flagg under avrøystinga.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hatari vart skipa i 2015 av Hannigan og Haraldsson, og etter kvart slutta Stefánsson seg til gruppa. Dei hadde si fyrste framsyning under festivalen Iceland Airwaves i 2016 og spelte på nytt i festivalen i 2018.[5]

Gruppa gav ut sin debut-EP, Neysluvara, i oktober 2017. EP-en resulterte i to musikkvideoar: «Ódýr» og «X».[6]

Påska 2018 stod gruppa bak «dommedagsfestivalen» Háskar, med artistar, DJ-ar og band frå undergrunnsscena i Reykjavík.[7][8]

Eurovision Song Contest 2019[endre | endre wikiteksten]

I desember 2018 slapp bandet sin tredje singel, «Spillingardans», og hevda samstundes at dei hadde oppløyst gruppa sidan dei ikkje hadde lukkast med å «få slutt på kapitalismen».[3] I januar 2019 vart likevel gruppa stadfesta som ein av ti deltakarar til den islandske utveljinga til Eurovision Song Contest, Söngvakeppnin 2019. Hatari vann tevlinga 2. mars og representerte Island i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «Hatrið mun sigra» (hatet vil sigra).[4] I finalen hamna gruppa på tiandeplass av 26 deltakarar.[9]

Bandet fekk stor merksemd under Eurovision Song Contest og truga fleire gonger med politiske stunt. Tevlinga vart dette året arrangert i Tel Aviv i Israel, og Hatari utfordra statsminister Benjamin Netanyahu til brytekamp og kom med fleire andre politiske ytringar.[10] Eurovision Song Contest skal vere ei upolitisk tevling, og arrangøren EBU åtvara bandet om at dei hadde «nådd grensa av kva EBU kunne tolerere».[11] Under avrøystinga i finalen heldt bandet opp banner og skjerf med det palestinske flagget på, og vart møtt med kraftig buing og piping frå publikum.[12] EBU varsla i etterkant av finalen at flagg-stuntet ville «få konsekvensar».[13]

Kort tid etter tevlinga gav Hatari ut ein ny singel, «Klefi/ Samed», saman med den palestinske musikaren Bashar Murad.[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Liste over EP-er
Tittel Detaljar Høgste

listeplassering

ISL
Neysluvara
  • Gjeven ut: 31. oktober 2017
  • Merke: Svikamylla ehf.
  • Format: CD, digital nedlastning
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgste listeplassering



Album
ISL
«Ódýr» 2017 Neysluvara EP
«X»
«Spillingardans» 2019 Ikkje frå album
«Hatrið mun sigra» 1
«Klefi / Samed (صامد)»
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista.

Utmerkingar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

År Utmerking Kategori Arbeid Resultat Kjelde
2017 Grapevine Music Awards Beste live-framsyning Hatari Vinnar [15]
2018 The Reykjavík Grapevine Beste live-framsyning Hatari Vinnar [16]
Iceland Music News Musikkvideo-prisen «Spillingardans» Vinnar [17]
Íslensku tónlistarverðlaunin Årets låt – rock «Spillingardans» Nominert [18]



[19]
Årets artist Hatari Nominert
2019 Söngvakeppnin Söngvakeppnin 2019 «Hatrið mun sigra» Vinnar [4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «5 reasons why Hatari won Iceland Airwaves». Reykjavik on Stage. Henta 10. februar 2019. 
  2. «Iceland: Hatari wins Söngvakeppnin 2019 with "Hatrið mun sigra"». 2. mars 2019. Henta 4. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Bondage-Synth-Punk Trio Hatari Announce Final Gig After Failing To Dismantle Capitalism». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Hatari win Iceland's ticket for Eurovision!». EBU. Henta 3. mars 2019. 
  5. «Hatari dominates penultimate night of Iceland Airwaves 2018». The Line of Best Fit. Henta 10. februar 2019. 
  6. «Neysluvara EP». Svikamylla ehf. Henta 10. februar 2019. 
  7. «Grapevine Music Awards 2019: Shout Out – R6013 & HÁSKAR». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  8. «Háskar: March 30th “Doomsday Festival” Approaches In Reykjavík». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  9. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  10. «Icelandic Eurovision Hopefuls Hatari Challenge Israeli PM Netanyahu To A Wrestling Match» (på engelsk). 7. februar 2019. Henta 9. juni 2019. 
  11. «Iceland: Hatari Have Reached The Limit Of The EBU's Tolerance» (på engelsk). 14. mai 2019. Henta 9. juni 2019. 
  12. Røssl, Marthe Ihle Marie (19. mai 2019). «Pipekonsert etter Islands Eurovision-stunt» (på norsk). Henta 9. juni 2019. 
  13. «Islands flaggstunt kan bli straffet» (på norsk). Henta 9. juni 2019. 
  14. «Icelandic band Hatari are back with a new single». 24. mai 2019. Henta 9. juni 2019. 
  15. «It’s The Winners Of The Fifth Annual Grapevine Music Awards!». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  16. «Grapevine Music Awards: Best Live Band – Hatari». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  17. «See the award winning HATARI music video that blew everybody's mind in 2018». Iceland Music News. Henta 10. februar 2019. 
  18. «The Nominees For The Icelandic Music Awards Are Here». The Reykjavik Grapevine. Henta 25. februar 2019. 
  19. «Tilnefningar til Íslensku tónlistarverðlaunanna». Iston. Henta 25. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]