Island i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Island


RÚV
Uttakingar
Nasjonalt 27
Internt 7
Deltaking
Debutår 1986
Deltakingar 34
Beste resultat
Semifinalen 1 (2009)
Finalen 2 (1999 og 2009)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2018)
Finalen Sist (1989 og 2001)
Poeng
Semifinalane 1 660
Finalane 1 944
Totalt 3 604

Island debuterte i Eurovision Song Contest i 1986 og har delteke 33 gongar. Sidan debuten har Island vore fråverande to gongar; i 1998 og i 2002. Island er det einaste av dei nordiske landa som ikkje har vunne Eurovision Song Contest, men har til gjengjeld to andreplassar. Island har kome på sisteplass to gongar: i 1989 og i 2001.[1] Island kvalifiserte seg ikkje til finalen i åra i 2015-2018, men lykkast å ta seg til finalen i 2019 med Hatari og «Hatrið mun sigra».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Island var det siste av dei vesteuropeiske landa til å debutere i Eurovision Song Contest, om ein ser vekk frå lilleputtstatane Andorra og San Marino. Islandsk rikskringkasting, RÚV, sendte riktignok tevlinga i opptak kvart år frå 1970, og direkte frå 1983. Grunnen til at Island kom så seint inn i Eurovision Song Contest, var på grunn av den geografiske plasseringa til Sagaøya - langt unna nettverket til Eurovisjonen og at dei var utan eit fast satelittsamband til Kontinentet.[2]

I byrjinga av 1980-talet kom imidlertid satelittsambandet på plass, og Island melde seg på Eurovision Song Contest 1986 i Bergen. Landet debuterte med trioen ICY og songen «Gleðibankinn». Island vart nr. 16 av 20 deltakande land, og to nye sekstandeplassar følgde dei to neste åra. I 1989 havna Island på sisteplass for fyrste gong, men året etter sikra Island sin fyrste topp fem-plassering, då duoen Stjórnin vart nummer fire med songen «Eitt lag enn».

Sidan 1990 har Island stort sett havna midt på, eller i nedre halvdel på resultatlista. Unntaka kom med andreplassane i 1999 og 2009; begge gongane vart Island slått av ein av sine nordiske naboar - høvesvis Sverige og Noreg. per 2020 er Island det einaste nordiske landet som ikkje har vunne Eurovision Song Contest.

Island har også havna på sisteplass tre gongar, to i finalen og ein gong i semifinalen. Fyrste gongen var i 1989, då fekk Island fekk null poeng. Ein ny sisteplass kom i 2001 - delt med Noreg. Sisteplassen gjorde at Island måtte stå over tevlinga i 2002. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Island kvalifisert seg til finalen ni av seksten gongar. I perioden 2015 til 2018 klarte ikkje Island å kvalifisere seg til finalen. I 2018 havna dei i tillegg på sisteplass i sin semifinale.

Island er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest utan ein siger. Berre Kypros med sine 36 deltakingar har fleire forsøk i tevlinga uten å ha vunne.[3]

Kontroversar rundt artistar[endre | endre wikiteksten]

Trass i storleiken til landet og sin beskjedne rolle i internasjonale konfliktar og situasjonar, har to islandske Eurovision-artistar skapt store kontroversar rundt tevlinga. Fyrste tilfelle var i Athen i 2006, då den islandske artisten, komikerkarakteren Silvía Nótt, vart møtt med kraftig buing frå det greske publikummet etter si opptreden i semifinalen. Bakgrunnen var at mange vart provosert over rolla ho spelte under intervjua og prøvane i dagane før tevlinga. Silvía Nótt skulle vere ei sjølvgod, overlegen diva som var overtydd om at ho kom til å vinne. Under ein pressekonferanse gjorde ho seg upopulær blant grekarane, då ho fekk livvaktene til å fjerne ein journalist for å ha «stirra ho i auga».[4] Journalisten viste seg å vere ein skodespelar, men det kom ikkje fram i dei lokale nyheitsreportasjane i Hellas. Nótt truga også med å banne under framføringa, men EBU åtvara ho mot stuntet. Under framsyninga i semifinalen, styra ho unna banneord, men ho kvalifiserte seg ikkje til finalen.[4][5]

Tretten år seinare, i Tel Aviv i 2019, gjorde det islandske bidraget seg nok ein gong upopulære blant det lokale publikummet i vertslandet. Island vart representert av den anti-kapitalistiske techno-metall-gruppa Hatari, som på førehand hadde truga med politiske stunt for å protestere mot Israel si okkupasjon av palestinske område. Blant anna utfordra gruppa statsminister Benjamin Netanyahu til brytekamp og kom med fleire politiske ytringar.[6] Tevlinga skal dere upolitisk, og arrangøren EBU åtvara Hatari om at dei hadde «nådd grensa om kva EBU kunne tolerere». Under røystegjevinga i finalen holdt gruppa opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og vart møtt med kraftig buing og piping frå publikum. EBU varsla også at flaggstuntet ville «få konsekvensar».[7] Under avstemningen i finalen holdt bandet opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og ble møtt med kraftig buing og piping fra publikum.[8] EBU varslet også at flaggstuntet ville «få konsekvenser».[9]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finale Semifinale
Plass Poeng Plass Poeng
1986 ICY «Gleðibankinn» Islandsk 16 19 Ingen semifinalar
1987 Halla Margrét «Hægt og hljótt» Islandsk 16 28
1988 Beathoven «Þú og þeir (Sókrates)» Islandsk 16 20
1989 Daníel Ágúst «Það sem enginn sér» Islandsk 22 0
1990 Stjórnin «Eitt lag enn» Islandsk 4 124
1991 Stefán og Eyfi «Draumur um Nínu» Islandsk 15 26
1992 Heart 2 Heart «Nei eða já» Islandsk 7 80
1993 Inga «Þá veistu svarið» Islandsk 13 42 Kvalifikacija za Millstreet
1994 Sigga «Nætur» Islandsk 12 49 Ingen semifinalar
1995 Bo Halldórsson «Núna» Islandsk 15 31
1996 Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 13 51 10 49
1997 Páll Óskar «Minn hinsti dans» Islandsk 20 18 Ingen semifinalar
1998 Deltok ikkje
1999 Selma «All Out Of Luck» Engelsk 2 146
2000 August og Telma «Tell Me!» Engelsk 12 45
2001 Two Tricky «Angel» Engelsk 22 3
2002 Deltok ikkje
2003 Birgitta «Open Your Heart» Engelsk 8 81
2004 Jónsi «Heaven» Engelsk 19 16 Topp 11 året før
2005 Selma «If I Had Your Love» Engelsk Ikkje kvalifisert 16 52
2006 Silvía Night «Congratulations» Engelsk 13 62
2007 Eiríkur Hauksson «Valentine Lost» Engelsk 13 77
2008 Eurobandið «This Is My Life» Engelsk 14 64 8 68
2009 Yohanna «Is It True?» Engelsk 2 218 1 174
2010 Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 19 41 3 123
2011 Sjonni's Friends «Coming Home» Engelsk 20 61 4 100
2012 Greta Salóme og Jónsi «Never Forget» Engelsk 20 46 8 75
2013 Eyþór Ingi Gunnlaugsson «Ég á líf» Islandsk 17 47 6 72
2014 Pollapönk «No Prejudice» Engelsk 15 58 8 61
2015 María Ólafsdóttir «Unbroken» Engelsk Ikkje kvalifisert 15 14
2016 Greta Salóme «Hear Them Calling» Engelsk 14 51
2017 Svala «Paper» Engelsk 15 60
2018 Ari Ólafsson «Our Choice» Engelsk 19 15
2019 Hatari «Hatrið mun sigra» Islandsk 10 232 3 221
2020 Daði og Gagnamagnið «Think About Things» Engelsk Avlyst
2021 Daði og Gagnamagnið «10 Years» Engelsk 4 378 2 288
2022 Sigga, Beta og Elín «Með hækkandi sól» Islandsk 23 20 10 103
2023 Diljá «Power» Engelsk Ikkje kvalifisert 11 44

Røystehistorikk (1986-2021)[endre | endre wikiteksten]

Island har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Sverige 230
2 Danmark 198
3 Noreg 152
4 Frankrike 116
5 Finland 98

Island har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Sverige 137
2 Noreg 130
3 Danmark 128
4 Storbritannia 100
5 Finland 84

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iceland | Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 15. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 1986». eurovision.tv. Henta 15. desember 2016. 
  3. Mike (26. juni 2017). «LIST: The ten countries that have competed the most times at Eurovision without a win». wiwibloggs. Henta 27. juni 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Eurovision: Belgium Doesn't Qualify, Lithuania Does». Billboard. Henta 1. juli 2019. 
  5. «Silvía Night fails in bid for Eurovision Song Contest finals». Iceland Review (på engelsk). Henta 1. juli 2019. 
  6. «Icelandic Eurovision Hopefuls Hatari Challenge Israeli PM Netanyahu To A Wrestling Match». The Reykjavik Grapevine (på engelsk). 7. februar 2019. Henta 9. juni 2019. 
  7. «Iceland: Hatari Have Reached The Limit Of The EBU's Tolerance». Eurovoix (på engelsk). 14. mai 2019. Henta 9. juni 2019. 
  8. Røssl, Marthe Ihle Marie; Christensen, Christian Roth (19. mai 2019). «Pipekonsert etter Islands Eurovision-stunt». Dagbladet.no (på norsk). Henta 9. juni 2019. 
  9. «Islands flaggstunt kan bli straffet». www.vg.no (på norsk). Henta 9. juni 2019. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]