Hatkrimgruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hatkrimgruppa er ei eining i det norske politiet som etterforskar hatkriminalitet i Oslo politidistrikt.[1][2] Gruppa handsamar saker som omhandlar hatkriminalitet, og jobbar samstundes med å auke kompetanse i feltet. Gruppa blei oppretta 1. september 2014, og held til på Manglerud, søraust i Oslo.[2]

I laupet av 2013 blei 14 av totalt 55 registrerte hatkriminalitetssaker oppklara,[3] og det finst truleg høge mørketal.[1] Fem av sakene er framleis under etterforsking, medan 36 av dei er uoppklårt. Storparten av sakene omhandla rasediskriminering, medan den nest største gruppa omhandla hat mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. 32 av sakene var valdssaker, 11 var trusselsaker og 14 var diskrimineringssaker.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ludvigsen, Silje (29. august 2014). «Lager hatkrimgruppe i Oslo». P4.no. Henta 20. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 Engesbak, Reidar (11. september 2014). «Prioriterer hatkriminalitet». Blikk.no. Arkivert frå originalen 2015-02-03. Henta 20. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Bach, Tor (27. februar 2014). «Få saker og mye blir henlagt». Vepsen. Henta 20. januar 2015.