Politiet i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coat of arms of the Norwegian Police Service.svg

Politiet i Noreg er ein riksdekkjande politi- og lensmannsetat som er lagt under Justis- og politidepartementet.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Politiet har som hovudoppgåver å oppretthalde alminneleg orden, forebygge og hindre straffbare handlingar, beskytte borgarane og deira lovlydige verksemd og å etterforske lovbrot. Politiet utfører òg fleire spesialoppgåver, som organisering av reddings- og leiteaksjonar, utskriving av pass, framandekontroll, trafikktryggleiksarbeid og kontroll av våpensal. Politiet i Noreg ber vanlegvis ikkje skytevåpen, men kan etter løyve frå politimeisteren vepne seg på farlege oppdrag.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Politi- og lensmannsetaten inneheld:

Politidisktrikta vert leia av ein politimeistar. Politidistrikta er sett saman av politistasjonar, lensmannskontor og namsfogdkontor. Politistasjonar vert leia av ein politistasjonssjef og har geografisk ansvar for eit politistasjonsdistrikt. Lensmannskontor (leia av ein lensmann) har både politioppgåver og sivile oppgåver. Politistasjonar har politioppgåver og kan også ha ansvar for sivile oppgåver. Namsfogdkontor (leia av ein namsfogd) har bere sivile oppgåver.

Talet på politidistrikt har vorte redusert. Tabellen nedanfor viser noverande og tidlegare politidistrikt.

Norges nye politidistrikter fra 2016
# Før 2002 # 2002–2016 # 2016–
1 Oslo politidistrikt 1 Oslo politidistrikt 1 Oslo politidistrikt
2 Asker og Bærum politidistrikt 2 Asker og Bærum politidistrikt
3 Halden politidistrikt 3 Østfold politidistrikt 2 Øst politidistrikt
4 Sarpsborg politidistrikt
5 Fredrikstad politidistrikt
6 Moss politidistrikt
7 Follo politidistrikt 4 Follo politidistrikt
8 Romerike politidistrikt 5 Romerike politidistrikt
9 Kongsvinger politidistrikt 6 Hedmark politidistrikt 3 Innlandet politidistrikt
10 Hamar politidistrikt
11 Østerdal politidistrikt
12 Gudbrandsdal politidistrikt 7 Gudbrandsdal politidistrikt
13 Vestoppland politidistrikt 8 Vestoppland politidistrikt
14 Ringerike politidistrikt 9 Nordre Buskerud politidistrikt 4 Sør-Øst politidistrikt
15 Drammen politidistrikt 10 Søndre Buskerud politidistrikt
16 Kongsberg politidistrikt
17 Nord-Jarlsberg politidistrikt 11 Vestfold politidistrikt
18 Tønsberg politidistrikt
19 Sandefjord politidistrikt
20 Larvik politidistrikt
21 Telemark politidistrikt 12 Telemark politidistrikt
22 Skien politidistrikt
23 Notodden politidistrikt
24 Rjukan politidistrikt
25 Kragerø politidistrikt
26 Arendal politidistrikt 13 Agder politidistrikt 5 Agder politidistrikt
27 Kristiansand politidistrikt
28 Vest-Agder politidistrikt
29 Rogaland politidistrikt 14 Rogaland politidistrikt 6 Rogaland politidistrikt
30 Stavanger politidistrikt
31 Haugesund politidistrikt 15 Haugaland og Sunnhordland politidistrikt
32 Bergen politidistrikt 16 Hordaland politidistrikt 7 Vest politidistrikt
33 Hordaland politidistrikt
34 Hardanger politidistrikt 17 Sogn og Fjordane politidistrikt
35 Sogn politidistrikt
36 Fjordane politidistrikt
37 Sunnmøre politidistrikt 18 Sunnmøre politidistrikt 8 Møre og Romsdal politidistrikt
38 Nordmøre politidistrikt 19 Nordmøre og Romsdal politidistrikt
39 Romsdal politidistrikt
40 Trondhjem politidistrikt 20 Sør-Trøndelag politidistrikt 9 Trøndelag politidistrikt
41 Uttrøndelag politidistrikt
42 Inntrøndelag politidistrikt 21 Nord-Trøndelag politidistrikt
43 Namdal politidistrikt
44 Helgeland politidistrikt 22 Helgeland politidistrikt 10 Nordland politidistrikt
45 Rana politidistrikt
46 Bodø politidistrikt 23 Salten politidistrikt
47 Narvik politidistrikt 24 Midtre Hålogaland politidistrikt
48 Lofoten og Vesterålen politidistrikt
49 Troms politidistrikt 25 Troms politidistrikt 11 Troms politidistrikt
50 Senja politidistrikt
51 Vestfinnmark politidistrikt 26 Vestfinnmark politidistrikt 12 Finnmark politidistrikt
52 Vardø politidistrikt 27 Østfinnmark politidistrikt
53 Vadsø politidistrikt
54 Sør-Varanger politidistrikt

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den sentrale leiinga av politiet låg i Justis- og politidepartementet som vart oppretta i 1818. Før politilova av 1936 var det ei blanding mellom kommunal og statleg politi. Politileiarar (politimeisterane) var statlege medan betjentar og konstablar var kommunalt lønna. Ofte hadde politiet fleire oppgåver enn i dag slik som leiing av brannvesen, byggevesen og hamnevesen.

Politiskulen vart oppretta i 1919 som det første sentrale politiorganet. «Statspolitiet» vart oppretta i 1932 som eit sentralt organ for operativ teneste. Politiloven av 1927 innførte einskapleg politiordning for heile landet, men utgiftene var framleis i stor grad lagt på kommunane.

Ved politilova av 1936 var det ein hovuedsak at politiet fullt ut skulle vera statleg. Rolla til kommunane etter den gamle politiordningen ga uklare ansvarsforhold. Lova medførte likevel ein refusjonsplikt for kommunane til staten for deler av politiutgiftene, men utan at dette rokka ved prinsippet om det statlige politi. Lova forbaud òg «frivillige ordensvern» som etter kvart hadde vorte eit alvorleg problem i lys av politiske rørsler og sosial uro på denne tida. Utrykningspolitiet vart oppretta og vart i starten brukt mellom anna ved opprør. Lensmenn og lensmannsbetjentar kom i liten grad inn under den nye lova anna enn at lensmannen vart gjeve leiinga av politiet på landsbygda.

Politiet har tradisjonelt vore mannsdominert, men kvinner har i dag i stor grad kome inn i politiet. Den første kvinnelege politibetjenten i Noreg vart tilsett i 1910. I 2010 var 21 % av dei politiutdanna kvinner, men om lag 40 % av dei opptekne på grunnutdanninga ved Politihøgskulen var kvinner. Av juristane i etatane er det 40 % kvinner. I administrative stillingar var 74 % kvinner.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]