Havniauga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havniauge
Havniauge
Havniauge
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Kjevelause fiskar Agnatha
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Niaugo Petromyzontiformes
Familie: Niaugefamilien Petromyzontidae
Slekt: Petromyzon
Art: Havniauge P. marinus
Vitskapleg namn
Petromyzon marinus

Havniauga (Petromyzon marinus) er ein niaugeart som lever anadromt ved båe Atlanterhavskystane og i Middelhavet. Arten er den største europeiske niaugearten, og kan verta heile 120 cm lang med ei vekt på 2,5 kg. Han lever parasittiskbeinfisk og har vore nær ved å utrydda mange økonomisk viktige fiskeslag i Canada og USA.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Som andre niauger manglar havniauga para finnar. Det har derimot to ryggfinnar, den andre er vaksen saman med halefinnen. Huda er marmorert i brunoliven til svart over ein bakgrunn av gult til mørkt brun, og vert mørkare med åra. Dei unge er ofte einsfarga blågrøne på oversida.

Forkroppen til havniauga er sylindrisk, medan bakkroppen er meir flattrykt.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Havniauga lever i havet, som regel ganske kystnært. Eldre individ dreg lenger til havs enn dei yngre. Her lever dei på mellom anna torsk, hyse, laksefisk og kval, som dei syg blod og kroppsvæske frå med ein rund sugemunn full av horntenner.

Dei gyt i ferskvatn i april-juni på grus- og steinbotn frå djupner frå 40 cm og ned. Hannen er territorial og forsvarar ei gytegrop han har grave sjølv. Arten er monogam og døyr etter paring. Larvane vert klekte etter om lag to veker, og lever nedgravne i elvebotnen i 6-8 år før dei vert forvandla til vaksne og vandrar ut i havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jonsson, Nina: «Niøyer» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Havniauga