Havråtunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havråtunet

Havrå eller Havråtunet (tidlegare kalla Havre og Havretunet) er ein gard som ligg lunt og sørvendt på Solstranda på Osterøy. Jorda er fruktbar og mange varmekjære plantearter veks i dei bratte liene. Ved Sørfjorden ligg garden Havrå midt i eit særprega kulturlandskap.

På garden er klyngjetunet og den gamle teigdelinga framleis intakt slik det var på dei fleste vestlandsgardane for over 100 år sidan. Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på vestlandsgardane. Garden har ei lang historie, og er freda som kulturmiljø. I motsetnad til Henjatunet, er det ikkje lenger vanleg gardsdrift i Havråtunet, men Havrå vert driven og halden i hevd av stiftinga og Osterøy museum.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]