Heggspinnmøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heggspinnmøll
Heggspinnmøll
Heggspinnmøll
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Familie: Yponomeutidae
Slekt: Yponomeuta
Art: Heggspinnmøll Y. evonymella
Vitskapleg namn
Yponomeuta evonymella

Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) er eit insekt, ein av 77 artar spinnmøll (Yponomeutidae) i Noreg. Heggspinnmøllen er ein sommarfugl som lever i hegg i larvestadiet. Egga blir lagt i trea om hausten, om våren dekker larvane trea med eit kvitt spinn, under dette spinnet et dei treet snautt for knoppar og blad. Ut på sommaren forpuppar dei seg under spinnet, og er ferdige sommarfuglar på seinsommaren. Heggspinnmøllen har altså fire livsformer: egg, larve, puppe og imago (sommarfugl). Larven er gul med svarte prikkar, sommarfuglen kvit med svarte prikkar.

Tre dekt av spinn frå heggspinnmøll.
Foto: Kjetil Lenes
Imago av heggspinnmøll
Stammene på desse trea.
Foto: Kjetil Lenes
Larvar og spinn på ei grein.
Foto: Kjetil Lenes

Avhengig av veret og talet på rovdyr kjem åtak av heggspinnmøll som utbrot med nokre års mellomrom. Dette har ingen økonomiske konsekvensar for skogbruket, og trea overlever som oftast, dei kjem med nye blad seinare på sommaren. Trea kan sjå dramatiske ut under angrepet, og blir av og til kalla spøkjelsestre.

Angrep av heggspinnmøll er vanlegast på austlandet og nokså sjeldan på Vestlandet,[2] sjølv om angrep i Bergensområdet fekk ein del merksemd sommaren 2007.[3]

Botemiddel[endre | endre wikiteksten]

Når møllen er i larveform kan ein nytte bakterien Bacillus thuringiensis, før larvane spinn nettet. Ein kan òg spyle larvane av trea med vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Elven H, Aarvik L og Berggren K (24. november 2021). «Sommerfugler: Vurdering av heggspinnmøll Yponomeuta evonymella for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. «Spøkelsestrær i Bergen», bt.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heggspinnmøll